The Roots. Foto: Promo

The Roots. Foto: Promo

The Roots rotar i skuggene

Nysgjerrig på hiphop-gruppas ellevte studioalbum? Sjå tre videoar frå plata her.

Skrevet av:
Publisert 12:03 17 november, 2011

Det er godt over 20 år sidan The Roots entra hip hop-scena i heimbyen Philadelphia, men produktiviteten er på ingen måte på vikande front. Sjølv om dei for eit par år sidan takka ja til å vera fast husband for talkshowet Late Night With Jimmy Fallon, har dei sidan den tid gjeve ut to album, med eit tredje på veg. I byrjinga av desember kjem konseptalbumet undun, og gruppa skuggar i kjend stil ikkje bana for dystre samfunnsskildringar.

undun fortel historia om Redford Stephens - ein ung mann som hamnar på det vidgjetne skråplanet, og dør 25 år gammal. Sjølv om karakterern er oppdikta, er den ikkje urealistisk. I eit intervju med Rolling Stone fortel The Roots-MC Tariq Trotter at gjennom oppveksten i Philadelphia aldri kunne førestilla seg å vera i live til han var 30, rett og slett fordi han ikkje kjende så mange andre som hadde gjort det. Bandet sjølv omtalar prosjektet slik:

«undun is the story of a kid who becomes criminal, but he wasn’t born criminal. He’s not the nouveau exotic primitive bug-eyed gunrunner… he’s actually thoughtful and is neither victim nor hero. Just some kid who begins to order his world in a way that makes the most sense to him at a given moment…  At the end of the day… isn’t that what we all do?»

Ei slik ramme rundt eit album er ikkje ein sikker billett til toppen av hitlistene, men The Roots er også i ein spesiell situasjon: Ikkje berre har dei fast inntekt frå husband-jobbinga, dei er òg sikra frie hender av plateselskapet Def Jam. Klar sikt for harde sanningar, med andre ord.

Tre videoar ledsagar så langt det komande albumet. Sjå dei under, i kronologisk rekkefølgje.

«Make My»:

«Tip The Scale»:

«Stomp»:

Tags: , , , , ,

Del "The Roots rotar i skuggene"

Legg igjen en kommentar