Texas i rødt, kvitt og blått

South By Southwest er ein av verdens største bransjefestivalar, som etter kvart har blitt eit viktig utstillingsvindu for internasjonal musikkbransje. Og lista over norske artistar som har fått invitasjon til årets festival er ganske lang. Frå 18.-22. mars eksploderar musikkfesten SXSW igjen i Austin, Texas. I dei siste åra har Norge blitt etablert som ein […]

Skrevet av:
Publisert 12:39 15 januar, 2009
Casiokids Foto: MySpace

Casiokids Foto: MySpace

South By Southwest er ein av verdens største bransjefestivalar, som etter kvart har blitt eit viktig utstillingsvindu for internasjonal musikkbransje. Og lista over norske artistar som har fått invitasjon til årets festival er ganske lang.

Frå 18.-22. mars eksploderar musikkfesten SXSW igjen i Austin, Texas. I dei siste åra har Norge blitt etablert som ein viktig bidragsytar, og dette året er intet unntak. For i år er det heile 15 norske artistar som har fått invitasjon til å reise over Atlanteren for å bade i barberquesaus, og for å konkurrere om oppmerksomheita i den internasjonale musikkbransjen såklart.

Artistsprangen sprikar mellom etablerte artistar som Tommy Tee til nye stjerneskot som Lukestar, Casiokids og The New Wine. Og den fulle lista over inviterte navn ser du under:

Grande
Ungdomskulen
Love:Fi
Davy Jones’ Locker
Blood Red Throne
The Cocktail Slippers
Årabrot
The Shitsez
Casiokids
Kakkmaddafakka
Tommy Tee / Loudmouf Choir / Son of Light
Lukestar
Deleted Waveform Gatherings
Ida Maria
The New Wine

Og vil du få med deg meir av det som er mest spennande i musikkverden anno 2009, så bør du absolutt følge med på Lydverkets egne rapportar frå festivalen på P3. Men det blir ikkje før i mars altså.

Tags: , , , , , , , , , , , , , , , , , , , , ,

Del "Texas i rødt, kvitt og blått"

Legg igjen en kommentar