Ted Nugent granska av Secret Service
Han har alltid vore ein laus kanon, men no må den våpenglade amerikanske musikaren svara for valdsame utspel mot president Obama.
- Dette seier eg dykk: Om Barack Obama vert president i november, igjen, kjem eg enten til å vera daud eller i fengsel på denne tida neste år.
Det sa Ted Nugent til medlemmene i National Rifle Association i (NRA), under ein spørsmålsrunde under deira årlege samling førre helg. Det fortel Yahoo News. Han haldt fram:
- Me må ri inn på stridsmarka, og hogga hovuda av dei i november. Nokon spørsmål?
Secret Service kopla inn
For dei som er kjend med Nugents verdsbilete, kjem utspela knapt nok som ei overrasking. Nugent, som opphaveleg vart kjend som gitarist i bandet The Amboy Dukes, og seinare gjekk laus på ei solokarriere, har dei seinare åra vorte stadig meir berykta for sin erkekonservative politiske ståstad og sine kompromisslause haldningar til tema som retten å bera våpen og retten til å drepa dyr.
No ser Secret Service nærare på det som kan oppfattast som eit klart trugsmål mot Barack Obama.
Brian Leary, talsmann for byrået med ansvar for tryggleiken til den amerikanske presidenten, seier til Yahoo at dei har sett i gang «passande oppfølging» av saka.
Om dei i same slengen kjem til å undersøka Nugents tidlegare utsegn om at Obama kan «suge maskingeværet» hans, eller at presidenten «tørkar seg i ræva med grunnlova», er ikkje klart.
Står ved sine ord
Den republikanske presidentkandidaten Mitt Romney, som Nugent støttar, har også reagert på helgas hendingar: via si talskvinne har han kalla Nugents kommentarar «støytande».
Nugent sjølv har likevel ikkje tenkt å gå tilbake på sine ord. Då han vitja den konservative radioverten Dana Loesch tysdag, sa han ifølgje Huffington Post:
- Eg snakka til NRA, og kjem til å stå ved det eg sa. Det er 100 prosent positivt. Det handlar om korleis me, folktet, tek tilbake vår amerikanske draum frå dei korrupte monstra i dei føderale styresmaktene under denne regjeringa, dei kommunist-tsarane han har oppnemnd.
Sjølv om «kommunist-tsar» er eit artig nok historisk paradoks, stoppa ikkje Nugent der: Han meinte han har vorte urettferdig behandla etter tiraden han kom med i helga, og samanlikna seg sjølv med ein «svart jøde på ei naziklan-samling».
Ted Nugent er livstidsmedlem i NRA, og er òg forfattaren av bøker som Bloodtrails: The Truth About Bowhunting, Kill It And Grill It: A Guide to Preparing and Cooking Wild Game and Fish og Ted, White and Blue: The Nugent Manifesto.
Tags: mitt romney, nra, secret service, ted nugent
Live Gonzo…
Trodde godeste Ted «Nougat» var en rolig type.
Ted Nugent er og blir en dust.
Ted Nugent er og blir en dust.
Fra hans egen låt (ca.2007/8) «I’m alive and well, still raisin’ hell»
Yepp, fyren er absolutt tilstede og lager stemning. Nå er de mest skremmende med dette NRA, som lever i en litt annen tidsalder og lar det komme tydlig frem i det meste av det de gjør.
Det ser ut som Secret Service har en utfordring.
Ted «Nugget» = Teddy-klumpen
Under terroristen Obama har amerikanerne mistet grunnleggende rettigheter.
Habeus Corpus er ikke lenger gjeldene i amrikansk rett etter inføringen av NDAA. Det betyr i praksis at alle amerikanere kan bli dratt ut av sitt eget hus mitt på natten uten en tiltale. De kan deretter bli forvart på ubestemt tid, og gjerne tortures uten at noen får vite noe som helst.
Legg til en vanvittig uansvarlig økonomisk politikk med mulig hyperinflasjon innen tiåret er omme, så kan man godt forstå at noen føler at de trenger et våpen for å forsvare seg.
Ron Paul er eneste redning for USA nå.