<B>Populær</b>: Taylor Swift sel haugevis med plater. Her under ein konsert i Houston, Texas.

Populær: Taylor Swift sel haugevis med plater. Her under ein konsert i Houston, Texas.

Taylor Swifts supersalg

For fyrste gong på to år har ein artist solgt meir enn ein million album på éi veke.

Skrevet av:
Publisert 11:47 3 november, 2010

Taylor Swifts Speak Now kom ut forrige veke, og når salgstala no er klare viser det seg at ungjenta har god grunn til å vera nøgd: Albumet solgte 1 047 000 eksemplar, og Swift plasserer seg med det i ein temmeleg eksklusiv klubb av artistar som har solgt over millionen den fyrste veka, i følge Billboard.

Ikkje sidan Lil Wayne slapp Tha Carter III i 2008 har eit album bikka den magiske grensa. Speak Now er eitt av seksten album som sidan 1991 (då den amerikanske albumlista byrja å registrera salgstal) har nådd over ein million. Ettersom platebransjen som kjent har traska i motbakke dei siste åra, er det ikkje venta at dette er ei liste som kjem til å utvida seg i så veldig stor fart i tida framover.

For den nysgjerrige: Albumet som i følge Billboard har solgt mest i løpet av éi veke er ‘N Syncs No Strings Attached frå 2000. Nummer to: ‘N Syncs Celebrity frå 2001.

Taylor Swift kjem til Oslo Spektrum 9. mars. Fram til då kan du sjølvsagt høyra på Speak Now.

Del "Taylor Swifts supersalg"

Legg igjen en kommentar