Screen shot frå Okkervil Rivers video til

Screen shot frå Okkervil Rivers video til "Wake Up And Be Fine".

Streamorama!

Lytt til komande album frå Okkervil River, Liturgy, Gang Gang Dance og Wild Beasts her. Gratis og lovleg!

Skrevet av:
Publisert 15:01 4 mai, 2011

Byrjar du å bli trøytt av miksen på din eigen iPod? Veit du ikkje heilt kva du skal søka etter på Spotify lenger? Eller er du rett og slett lysten på å høyra heilt ny musikk før den i det heile tatt er gitt ut? Straumen av album som vert lagt ut til streaming før offisiell utgivingsdato er heldigvis jamn,  og under har me samla nokon av dei mest interessante bidraga frå den siste veka.

Gang Gang Dance, New York-bandet med utspring i same miljø som TV On The Radio, Black Dice og Animal Collective, er på veg med sitt femte studioalbum.  Vel verdt ein gjennomlytting og to, om du ikkje let deg skremme av det eksperimentelle. Eye Contact er ute på fredag.

Will Sheff og hans Okkervil River gleda mangt eit indiehjarte med albumet The Stand Ins frå 2008. Medan dette var solrikt, melodiøst og lett å like, verkar oppfølgaren I Am Very Far å gå i ein litt anna, mørkare retning. Albumet er ute på fredag, men ligg allereie klart til sniklytting på NPR.

Stream: Okkervil River – I Am Very Far (via NPR)

Videoen til singelen «Wake And Be Fine» ser du her:

Britiske Wild Beasts var i 2010 nominert til den prestisjetunge Mercury-prisen for sitt bejubla andrealbum Two Dancers frå 2009. Akkurat den sigeren inkasserte The xx, men no er bandet tilbake med albumet Smother, som du takka vere The Guardian kan høyra under.  Sett av litt tid til denne!

Så, «transcendental black metal» er definitivt ikkje for alle. Det er likevel det Brooklyn-bandet Liturgy driver med, og sidan dei kom ut med albumet Renihilation i 2009 har dei måtte tåle sin andel kritikk. På NPR sine sider kan du streama oppfølgaren Aesthethica, og kanskje er det best å la musikken tale for seg sjølv. Eller, om du har lyst å bli litt meir forutintatt, sjå intervjuet med gjengen under.

Stream: Liturgy – Aesthethica (via NPR)

Meir gratis musikk finn du her !

Tags: , , , , ,

Del "Streamorama!"
 

2 kommentarer på “Streamorama!”

  1. island etc. sier:

    okervill river er elsk

Legg igjen en kommentar