Stream: Soundgarden

Stream: Soundgarden

15 år etter det vart spelt inn, kan du no høyra heile Soundgardens live-album Live On I5.

Skrevet av:
Publisert 10:45 17 mars, 2011

I 1996, i kjølvatnet av albumet Down On The Upside var Soundgarden på USA-turné. Under deira konsertar på den amerikanske vestkysten, langs motorvegen Interstate 5, spelte dei inn eit live-album som etter planen skulle bli utgitt like etter turneen var avslutta. Men så vart bandet oppløyst, og opptaka lagt i ei skuff – fram til no.

I morgo vert nemleg Live on I5 endeleg utgitt, 15 år etter det eigentleg var tenkt. Tek du turen til bandets Facebook-side, og trykker Liker-knappen, kan du no høyre albumet i sin fulle lengde. Gjer deg klar for klassikarar som «Spoonman», «Blackhole Sun» og «Jesus Christ Pole», samt coverversjonar av The Beatles sin «Helter Skelter» og The Stooges sin «Search And Destroy».

I 2010 kom Soundgarden med sitt retrospektive album Telephantasm, som inkluderte nokre av bandets største hits i tillegg til eit knippe tidlegare uutgitte spor. Akkurat no er dei i studio for å spele inn sitt fyrste studioalbum sidan forrige tusenår, melder Billboard.

Tags: , , , , ,

Del "Stream: Soundgarden"
 

1 kommentar på “Stream: Soundgarden”

  1. Terstad sier:

    Løp og kjøp!

Legg igjen en kommentar