Stream: Peter, Bjorn And John
Få nokre dagars forsprang på det siste albumet til den svenske trioen!
Gimme Some er tittelen på Peter, Bjorn And John sitt sjette studioalbum, med offisiell sleppdato 25. mars. For fyrste gong har bandet henta inn ein utanforståande produsent, og valet falt på Per Sunding, som tidlegare har jobba med mellom anna The Cardigans, bob hund og The Ark.
Ein kjapp gjennomlytting tyder på at svenskane igjen er komfortable med eit meir pop-aktig uttrykk. Peter Moren seier til Clash Music at dei med det nye albumet ynskja å legga seg nært opp mot slike dei høyres ut når dei speler live:
- Me var alltid ei aning meir energisk og punkete live enn på plate, og me ville fange dette på albumet.
Høyr Gimme Some her, eller i spelaren under:
Bandet har foreløpig spelt inn videoar til to av låtane på Gimme Some: «Breaker Breaker» og «Second Chance».
Tags: breaker breaker, Gimme Some, nytt album, peter bjorn and john, second chance, stream