Stream: Beastie Boys
Høyr heile studioversjonen av Beastie Boys sitt etterlengta album Hot Sauce Commitee Part 2.
Prosessen rundt Beastie Boys sine to Hot Sauce Commitee-album har vore lett forvirrande. Part One skulle etter planen gjes ut hausten 2009, men etter singelslepp og turnering vart Adam «MCA» Yauch diagnostisert med kreft – og prosjektet vart utsett på ubestemt tid. I oktober ifjor vart det så klart at Part Two, som dei hadde arbeida med parallelt med Part One, skulle kome ut før det første albumet. Dei 16 spora som eigentleg skulle vera med på Part One, inkludert singelen «Too Many Rappers» med Nas, vart flytta over til Part Two, med «Make Some Noise» som ny singel.
Kvifor albumet ikkje rett og slett heiter Part One? Vel. Låtmaterialet som var tiltenkt Part Two er for øvrig flytta over til Part One, som framleis ikkje har fått nokon fastsett dato.
Offisiell lanseringsdato for Hot Sauce Commitee Part Two er 2. mai, men Beastie Boys bestemte seg like greitt å gje deg eit forsprang. Høyr heile albumet under!
(Via SKoA)
Aller første lytt til albumet fekk fansen i helga – via ein høgtalar plassert på basketbana i Madison Square Garden.Beastie Boys har tidlegare sagt at dei ynskjer å turnere med Hot Sauce Commitee – men det kjem an på helsa til Adam.
Som om ikkje dette var nok – du kan no sjå heile den halvtimelange kortfilmen Fight For Your Right Revisited, der ei ganske sinnsjuk liste Hollywood-namn speler to versjonar av Beastie Boys. Will Ferrel, Jack Black, Seth Rogen og Elijah Wood er med – berre for å nemna nokon. Vel verdt ein kikk:
Tags: "Fight for Your Right Revisited", Beastie Boys, Hot Sauce Commitee, Hot Sauce Commitee Part One, Hot Sauce Commitee Part Two, Madison Square Garden, Make some noise, stream, Too Many Rappers
Track 4. Bang!
«Offisiell lanseringsdato for Hot Sauce Commitee Part One er 2. mai, men Beastie Boys bestemte seg like greitt å gje deg eit forsprang. Høyr heile albumet under!»
Hvem er mest forvirra akkurat nå, skal det ikke være part two her?
Jo, sjølvsagt! Retta opp:)