The Big Pink. Foto: Promo

The Big Pink. Foto: Promo

The Big Pink - Future This

Stort og tomt

The Big Pink kan singlar, men er ikkje så gode på dette med album.

Skrevet av:
Publisert 18:21 16 januar, 2012

Synthpop? Shoegaze? Artrock? Støyrock? Som om ikkje The Band-referansen i bandnamnet var forvirrande nok, har The Big Pink sidan debuten med A Brief History Of Love blitt klassifisert under fleire merkelappar enn det som plar å fylle programma til ein middels stor indiefestival aleine.

Ikkje så rart heller, kanskje – det vetle glimtet av popgenialitet som låg i singelen «Dominos» var, som mange oppdaga, ikkje heilt representativt for duoens langt meir innadvendte fullengdar, og tvilen om kva som eigentleg var bandets kjerne vart slik sådd. På oppfølgaren Future This har dei fått med seg ingen ringare enn Paul Epworth bak produksjonsbordet, utan at det av den grunn verkar trygt å friskmelda dei for schizofrenien førre plate lei av.

Det opnar i alle fall skamlaust nok. «Stay Gold» verkar å vera modellert etter nøyaktig same mønster som nemnde «Dominos», medan andresporet «Hit The Ground (Superman)», med Laurie Anderson-sampling og det heile, ikkje prøver å skjula ynskjet om å bli ein radiohit  for nokon. Med bombastiske refreng og tunge synthar skal det platekjøpande publikum nås – og kvifor ikkje?

«Hit The Ground (Superman)»

For det er jo utan tvil fengande - slik dei openbare forsøka på å hale i land eit skikkeleg indie anthem gjerne er. Orginaliteten er likevel ikkje meir slåande at både «Stay Gold» og «Hit The Ground» med stort sannsyn er forvist til ei personleg speleliste reservert for spinning og tredemølle i ein svett avkrok av NRK-bygget innan kort tid.  Men for all del – betre band enn The Big Pink har lidd same skjebne.

Det er nemleg ikkje den grandiost anlagte stadionpopen som er problemet med Future This – det er det dørgande kjedelege låtmaterialet som legg beslag på store deler av resten av plata. «The Palace» og «1313″ har sine tendensar – utan at det heilt kan demma opp for den snikande likesæla ein kjenner for heile prosjektet – men på platas andre halvdel er det stort sett lyden av storslåtte produksjonar, overdrivne arrangement og forsøk på smarte musikalske referansar som fell tungt til jorda ein høyrer.

Som plateanmeldar kan ein fort enda opp med å trekka eit grovt skilje mellom albuma som er heilskapleg utforma, frå fyrste til siste spor, og dei som ikkje er det. Future This tilhøyrer siste kategori, og The Big Pink har berre seg sjølv å takka om du vel å lasta ned eit par låtar, høyrer på dei til du går lei, og gjer pokker i resten.

Maria Horvei

Tags: , , , ,

Del "Stort og tomt"

Legg igjen en kommentar