Sting vil lære deg Roxanne!

Samtidig som Apple droppa den omstridte kopisperren i iTunes, lanserte dei også pakken iLife ´09, der f.eks kjendte artistar vil lære deg sangane sine. I Garageband (som er ein del av iLife) kan du lage musikk, og ikkje minst lære deg å lage musikk. Men det som ser aller morsomt ut i den nye versjonen […]

Skrevet av:
Publisert 11:05 8 januar, 2009
Sting lærer bort Roxanne

Sting lærer bort Roxanne

Samtidig som Apple droppa den omstridte kopisperren i iTunes, lanserte dei også pakken iLife ´09, der f.eks kjendte artistar vil lære deg sangane sine.

I Garageband (som er ein del av iLife) kan du lage musikk, og ikkje minst lære deg å lage musikk. Men det som ser aller morsomt ut i den nye versjonen av programmet, er det at kjendte artistar som Sting, Colbie Caillat, John Foggerty, OneRepublic og Norah Jones vil lære deg å spele sine eigne låtar.

Og dette er berre nokre av artistane Apple har hyra inn til å lære deg å spele gitar eller piano til ein av låtane dei har gjort kjendt. Og dei lovar at det skal bli fleire.

Låtane du foreløbig kan lære deg er Roxanne, Bubbly, Proud Mary, Apologize, Thinking About You og nokre fleire. Få steg-for-steg introduksjon på akkordar, korleis du skal plassere fingrane dine og teknikk frå dei som kan ein av favoritt (?) låtane dine best.

Ein må såklart ut med litt pengar om Sting (eller nokon av dei andre) skal lære deg å spele gitar, og det du må ut med for slik undervisning er 4,99 USD. Og det er jo ikkje allverdens for ein privat time med slike lærarar som desse…

Tags: , , , , , , , , , , , , , , ,

Del "Sting vil lære deg Roxanne!"

Legg igjen en kommentar