Yeasayer. Foto: Guy Aroch

Yeasayer. Foto: Guy Aroch

Spre kjærleiken

Valentinsdagen har kome og gått, men me sitt igjen med nye videoar frå Yeasayer, Foo Fighters og Green Day!

Skrevet av:
Publisert 13:27 15 februar, 2011

Gårsdagen sto som kjent i kjærleikens teikn. Medan Radiohead markerte valentinsdagen med å annonsera at eit nytt album er like rundt hjørnet, gav Yeasayer vekk ein gratis EP med Odd Blood-sporet «I Remember» samt nokre remiksar av samme låt. Med ein romantisk tvist, sjølvsagt: Du kunne gje deg vekk som presang via e-post. Ingenting skriker vel kjærleik høgare enn ein nokre nedlastbare mp3-filar i innboksen, så her er linken.

Ein fin ny video fulgte også med, regissert av Sophie Peer:

Foo Fighters er brennaktuelle om dagen, med eit nytt, tilsynelatande steinbra album klar til lansering 12. april. Deira valentinsgåve var ein splitter ny video til låta «White Limo»:

Også Green Day kjente seg gavmilde i går: Dei serverte ein HD-versjon av «Cigarettes and Valentines», henta frå deira komande livalbum Awesome As F*ck. Det er ute 22. mars.

Tags: , , , , ,

Del "Spre kjærleiken"

Legg igjen en kommentar