Sonic Youth tar over Pitchfork.TV
Om to dagar kjem den nye Sonic Youth plata, The Eternal ut. Og det blir feira ei heil veke til ende av Pitchfork. For å feire at Sonic Youth slepper sitt 16 studioalbum, lar dei bandet få ta over heile videosida til Pitchfork . Det heile «brakar laust» alt i morgon, mandag og tirsdag med […]
Om to dagar kjem den nye Sonic Youth plata, The Eternal ut. Og det blir feira ei heil veke til ende av Pitchfork.
For å feire at Sonic Youth slepper sitt 16 studioalbum, lar dei bandet få ta over heile videosida til Pitchfork . Det heile «brakar laust» alt i morgon, mandag og tirsdag med showet dei kallar A>D>D (Analog-Digital-Digital). Dette er eit konsept som går ut på å ta opp musikken til bandet i den kornete glansen til VHS utstyr, for så å redigere det digitalt og så laste det opp på internettet. Til vår store glede, såklart.
Onsdag og torsdag blir du servert eit to-delt intervju med bandet, gjort av Pitchforks Nitsuh Abebe. Fredag er dagen for at bandet sjølv skal få lage si eiga video-speleliste. Men kva dei sjølv velger ut, det må vi vente ei veke på å finne ut. Men noko spennande blir det heilt sikkert.
Hipp hurra for ei heil veke med Sonic Youth! Men ikkje gløm å sjekke ut den nye plata då.
Tags: Pitchfork, pitchfork.tv, plateslipp, Sonic Youth, the eternal
Dette blir legendarisk! Gleder meg allerede! Utrolig spent på hva de velger i video-spillelisten.