Wu-Tang Clan. Foto: Universal Music

Wu-Tang Clan. Foto: Universal Music

Sniklytt: Wu-Tang Clan

Rapkollektivet kjem med nytt album i slutten av juni, og du høyrer RZAs solospor «Only The Rugged Survive» her. Og, når me er på saken: Ny greier frå Lil’ Wayne, Eminem og Gatas Parlament.

Skrevet av:
Publisert 12:41 30 mai, 2011

Det er gått nokre år sidan eit samla Wu-Tang Clans  gjekk saman om eitt album. Sidan 8 Diagrams frå 2007 har me riktignok sett ei handfull side- og samarbeidsprosjekt, men på Legendary Weapons, som kjem ut til sommaren, skal endeleg alle kjernemedlemma igjen vere på plass.

Ghostface Killah er med på åtte av elleve spor, medan RZA står for store delar av produksjonen – saman med Brooklyn-bandet the Revalations og produsentane Fizzy Womack, Andrew Kelly og Noah Rubin. Sistnevnte er ansvarleg for produksjonen av  sporet du kan høyra under, RZAs «Only The Rugged Survive». (Via Prefix).

Meir ferskvare: Lil Waynes Tha Carter IV kjem òg ut neste månad, og frå før har me høyrt singlane «6’7″» og «(John) If I Die Today». På «How To Love» køyrer han ein hakket mjukare stil, med kassegitar og ganske streit synging. Høyr sporet her, via CoS:

Og så Eminem og Royce Da 5’9″, då. Deira ni spor lange EP Hell: The Sequel er ute i Statane 14. juni. «I’m On Everything» kan du høyra under, via Rap Radar.

Me slenger inn litt norskspråkleg rap inn i miksen: Gatas Parlament er ute med ein relativt fersk musikkvideo til «Naboklager» frå albumet Dette forandrer alt. Per Sundnes blir gjenstand for lite hyggeleg behandling, medan Karpe Diems Chirag er irritert nabo.

Tags: , , , , , , , , , , , ,

Del "Sniklytt: Wu-Tang Clan"

Legg igjen en kommentar