Sniklytt: The Strokes

Sniklytt: The Strokes

Det er ikkje mykje, men det er noko: Høyr fyrste glimt av Angles her.

Skrevet av:
Publisert 9:49 7 februar, 2011

The Strokes ladar opp til comeback, med ny plate på veg (lansering 21. mars) og navnet sitt øverst på plakaten til diverse gigantfestivalar utover året. Tunge luggar og glassaktige blikk til folket i 2011, altså. Vil du sjå dei i Europa må du likevel belaga deg på ein tur sørover – Spania og Portugal er foreløpig dei einaste som kan skilta med bekrefta konsertar.

Fyrste drypp av kva du kan venta deg musikalsk kjem i form av eit halvt minutt av fyrstesingelen «Under Cover Of Darkness». Den skal vera klar i løpet av denne månaden – godt mogleg allereie denne veka, i følge NME.

Høyr klippet her:

Vil du vita meir om Angles? Les intervju i Rolling Stone her! Du kan også ta ein titt på dette klippet, som dukka opp for rundt eit år sidan. Det viser bandet (minus Casablancas) i arbeid med albumet i studio:

Del "Sniklytt: The Strokes"
 

1 kommentar på “Sniklytt: The Strokes”

  1. alex sier:

    YES! Får håpe dere spiller dette på radioen.. er lei av Pink, Kanye & Co

Legg igjen en kommentar