Sniklytt: Sondre Lerche

Sniklytt: Sondre Lerche

Den New York-baserte nordmannen kjem med nytt album til sommaren. Høyr den heilt nye låta «Domino» her!

Skrevet av:
Publisert 10:40 8 mars, 2011

7. juni er datoen som er satt for Sondre Lerche, det sjette studioalbumet frå artisten med same namn. Interessa for Lerche i USA er aukande, og på Vulture, kultursida til New York Magazine, kan du lesa eit intervju der han greier ut om sitt siste musikalske prosjekt. Lerche snakkar mellom anna om korleis han har utvikla seg frå han byrja å skriva musikk som 16-åring:

- Ting forandrar seg frå du er 16 til du er 28. Ein går gjennom store endringar i den perioden. Eg var veldig forsiktig då eg byrja karriera mi som musikar: Eg verken drakk eller gjorde noko som var gale. Sidan den gong har eg definitivt senka skuldrene. Eg er ein annan fyr enn eg var då, og eg er sikker på at den fyren hadde blitt litt skuffa over det eg er blitt. Men den fyren treng å slappa av uansett.

Sondre Lerche forklarar kvifor den nye plata bare heiter Sondre Lerche

Stereogum gjer oss fyrste glimt av det nye albumet, med låta «Domino». Dei kan også fortelja at Sondre Lerche er spelt inn i Brooklynstudioet Rare Book Room, med Nicolas Vernhes og Kato Ådland bak spakene.

Høyr «Domino» her:

  • Sondre Lerche – “Domino»
  • Tracklistinga for det komande albumet er som følger:

    1. Ricochet
    2. Private Caller
    3. Red Flags
    4. Go Right Ahead
    5. Coliseum Town
    6. Never Mind The Typos
    7. Domino
    8. Living Dangerously
    9. “Tied Up To The Tide”
    10 “When The River”

    I desember i fjor kom Sondre Lerche med det tidlegare uutgitte sporet «Trying To Say Goodbye», til støtte for eit veldedig formål. Sjå han  framføra låta her:

    Tags: , , ,

    Del "Sniklytt: Sondre Lerche"
     

    4 kommentarer på “Sniklytt: Sondre Lerche”

    1. Tommy sier:

      Er virkelig interessen for Lerche aukande i USA?
      Kjedelig musikk.

    2. Anne sier:

      Hørte en «uferdig» versjon av «Domino» live i august, på intimkontsert og har gledet meg til den skulle komme. Tenkte da jeg hørte den første gang at dette kunne bli en hit.
      Synes det var tilført litt for mye finurligheter i lydbildet på den versjonen som ligger på nettet. Med de dårlige høytalerene jeg hørte via nettet syntes jeg Sondre sin stemme også ble vel lys.
      Men jeg er en litt enkel sjel og liker det ekte og enkle.
      Så da blir vel en live-versjoner ofte bedre…
      Satser på at sluttresultatet på cd blir mer lik det jeg opplevde i august.

    3. Erlend sier:

      Spennende! Gleder meg til albumet kommer :) hilsen Lerche fan

    Legg igjen en kommentar