Sniklytt: Little Dragon

Sniklytt: Little Dragon

Den svenske kvartetten er snart klare med sitt tredje album. Høyr den nye låta «Stå Upp» her, og sjå dei framføra «Twice» med alles favorittbarnekor PS22.

Skrevet av:
Publisert 13:02 24 mars, 2011

Etter debuten Little Dragon (2007) og oppfølgaren Machine Dreams (2009), kjem no elektronikagruppa Little Dragon snart ut med sitt tredje studioalbum, med tittelen Ritual Union. Svenskane har opplevd stor internasjonal merksemd, og turnerte mellom anna med Gorillaz på deira Plastic Beach-turné. Forrige veke spelte dei på South By Soutwest, og no kan du høyre låta «Stå Upp» frå den komande plata, via Some Kind Of Awesome.

Då Little Dragon var gjestar hjå talk show-verten Jimmy Fallon, spelte dei også tittelsporet frå Ritual Union. Sjå opptredenen deira her:

Og sist, men ikkje minst: Barnekoret PS22 har blitt enormt populære på internett det siste året, og opptrådde til og med på årets Oscar-utdeling i Los Angeles. Dei fekk besøk av Little Dragon, og saman gjorde dei ein ganske så vakker versjon av «Twice» frå bandets første album:

Tags: , , , , ,

Del "Sniklytt: Little Dragon"

Legg igjen en kommentar