Sniklytt: Fleet Foxes
Øyaaktuelle Fleet Foxes lettar på sløret til andrealbumet. Høyr «Helplessness Blues» her!
Seattlebandet opplevde stor suksess med debutalbumet sitt i 2008, og no er det klart at oppfølgaren Helplessness Blues kjem ut 3. mai i år. Nokre månadar seinare står kvintetten på scena i Middelalderparken i Oslo, som eitt av navna på årets Øyaplakat.
Albumets tittelspor kan du allereie no streama på nettet. Dersom det er representativt for resten av plata, verkar inga brå endring av musikalsk retning å vera i sikte for Fleet Foxes. Det er fint, det er harmoniar som er skremmande like Simon & Garfunkel, det er fleire akustiske gitarar inne i bildet. Og som tittelen antydar: Det er litt å streva med. Absolutt ikkje det verste, det altså.
Utover relasedato har bandet avslørt at plata som er på veg kjem til å bestå av 12 spor, og at Phil Ek kjem til å vera produsent også denne gongen.
Flott låt! Gleder meg til album
Veldig fin!
[...] This post was mentioned on Twitter by Jon Steinar Jensen, Anne Gro Sandum. Anne Gro Sandum said: Få en smakebit fra Fleet Foxes' nye album, hør "Helplessness Blues": http://bit.ly/dF4Iww #musikktips via @Lydverket [...]
[...] august kommer bandet til Middelalderparken i Oslo for å spille under årets Øyafestival. Tidligere i år kunne vi høre tittelsporet fra albumet, som slippes i Norge 29. [...]