Death Cab For Cutie. Foto: Promo/Autumn De Wilde

Death Cab For Cutie. Foto: Promo/Autumn De Wilde

Sniklytt: Death Cab For Cutie

Den amerikanske indiegjengen er snart klare med nytt album – høyr låta «You Are A Tourist» her.

Skrevet av:
Publisert 10:36 29 mars, 2011

Den amerikanske radiostasjonen 107.7 The End kunne igår dra sløret av fyrste singel frå Death Cab For Cutie sitt komande album Codes And Keys. Det er ute 27. mai, og dette er «You Are A Tourist»:

Frontmann Ben Gibbard avslørte albumets tittelspor under ein konsert i San Fransisco tidlegare i månaden – for anledningen aleine med pianoet.

I samband med platesleppet legg Death Cab For Cutie ut på turné i USA og Europa, og kjem mellom anna til å spele nokre konsertar saman med Bright Eyes. Norge står framleis ikkje på lista, men same dag som Codes And Keys kjem i butikkane, gjer bandet ut live-DVDen Live At The Mt. Baker Theatre. Og det er i alle fall noko.

Tags: , , , , , ,

Del "Sniklytt: Death Cab For Cutie"
 

1 kommentar på “Sniklytt: Death Cab For Cutie”

  1. [...] er nok mange som venter på nytt fra det Ben Gibbard-frontede indiebandet Death Cab For Cutie. Og det begynner å nærme seg: 27. mai kommer amerikanernes sjuende studioalbum Codes And [...]

Legg igjen en kommentar