RHCP. Foto: Promo

RHCP. Foto: Promo

Sniklytt!

Red Hot Chilli Peppers og Paul Weller er straks klare med nye album, The Flaming Lips blir drøyare og allereie no får du høyre nye plata til Little Dragon. Sjekk det her!

Skrevet av:
Publisert 15:17 19 juli, 2011
Little Dragon. Promo.

Little Dragon. Promo.

På dera tredje studioalbum, er svenske Little Dragon kvassare i kantane. Likevel beveg musikken seg framleis i draumepoplandskapet takka vokalist Yukimi Nagano. Med ein miks av soul, R&B, rock, funk, synth-pop og elektronika, vil dansegolvet lokke. Ritual Union er ute 26. juli, men allereie no kan du høyre albumet i sin heilskap her.

Paul Weller. Promobilde

Paul Weller. Promobilde

Tidlegare Jam-vokalist, Paul Weller, gir oss singelen «Starlite». Songen blir ikkje å finne på hans komande album som kjem ut 7. august, men gir likevel ein forsmak på kva me har i vente. Sjølv seier Weller om songen: “It’s part Balearic beat, poetry and psychedelic music.”

«Starlite» blir også å finne som remixar, frå Drop Out Orchestra, DJ Pulse og Black Van.

Paul Weller- Starlite by IslandRecordsA&RUK

Hercules and the Love Affair. Bilde: Promo

Hercules and the Love Affair gjer sin eigen nu-disco vri på The Irrepressibles’ «In This Shirt» frå gruppa sitt debut LP frå 2010, Mirror Mirror.
Med synther og beats, minner songen om 90-talets Euro house. Saman med Jamie McDermott si stemme, blir dette deilig og vakkert.

The Irrepressibles, «In This Shirt (Hercules and Love Affair Remix)» by The FADER

Du har nok alt fått med deg “Crystalline” frå Bjørks komande interaktive album/app Biophilila. No får du høyre eit nytt spor frå albumet, som heiter «Cosmogony». Under kan du også få du også sjå ein video der den nye appen til albumet blir presentert av sjølvaste Sir David Attenborough. Spanande!

Royce Da 5`9″ fra hip hop-supergruppa Slaughterhouse og Bad Meets Evil, har slått seg saman med trommis Travis Barker på sporet «Legendary» frå hans komande album Success Is Certain. Du kan høyre resultatet av samarbeidet her.

Travis Barker har jobbar hardt. I tillegg til prosjektet med Royce Da 5`9″, har han med post-punk kompisane i Blink-182 snart klar ny plate åtte år etter forrige album. Albumet heiter Neighborhoods og første song «Up All Night» frå denne plata kan hu høyre no. Den nye musikken skal vere moderne, men bandet har skal ha kasta inn eit par 90-tallslåtar (sånn for sikkerhets skuld). Blink-182 turnerar med My Chemical Romance frå august av.

Fans av The Red Hot Chili Peppers trippar etter bandet sitt tiande album, The Adventures of Rain Dance Maggie. Første sporet frå albumet kan du høyre allereie no.
“The Adventures Of Rain Dance Maggie” er den første singelen frå Red Hot Chilli Pepper sitt Damien Hirst-designa, Rick Rubin-produserte tiande studioalbum, I´m With You. Spørsmålet er korleis det vil lyde med den nye gitaristen Josh Klinghoffer, som har teke over etter John Frusciante. Til Stereogum seier Flea: – Me høyres framleis ut som Red Hot Chilli Peppers, men det er likevel annleis enn før. Josh ser ting frå ein annan vinkel.

The Flaming Lips blir drøyare og drøyare. Kva gjer eit band for å fornye seg etter å ha gjeve ut samarbeid med Indian & Prefuse 73, laga plakat av eige blod og hatt konsert på ein kyrkjegard? Jo, ein gir ut musikk i eit gummifoster som ein kan ete! Les meir om fosteret her og «nyt» musikken under.

The Flaming Lips – Enthusiasm for Life Defeats Existential Fear Part 2 + Steven’s Moonbow

The Flaming Lips – Squishy Glass

Tags: , , , , , , , ,

Del "Sniklytt!"
 

6 kommentarer på “Sniklytt!”

  1. Pete sier:

    «post-punk kompisane i Blink-182″… Pop-punk er vel mer ordet du leter etter. Post-punk er vel mer i gata til Joy Division & co.

    • jonny sier:

      Ikke at det er lett å følge med på sjangre her, men du har helt rett egentlig. Blink-82 er tyggispop, med noen gutter med kule tattiser og høye benløft. Har de noensinne laget en god låt? Noen stilige vids har de da laget.
      Jeg liker punk da det var punk. Da man hata alle, spesielt dronninger og politikere. Og da bandet knapt kunne spille. Joy Division starter forsåvidt som et punkeband etter å ha sett Sex Pistols.

  2. thomas sier:

    Herregud å kjedelig Red Hot har blitt (og har egentlig vært det siden Blood Sugar Sex Magik)

    • Aksel sier:

      Det skulle ikke mer til enn å nevne Rick Rubin og Damien Hirst for at jeg skulle miste interressen fullstending.
      At musikken er så vanvittig svak hjelper jo selvfølgelig heller ikke.

  3. kjetil sier:

    enig m thomas……RHCP er ikke det bandet de en gang var……mangler adrenalinkick i sangene!

  4. OJ sier:

    Red Hot Chili Peppers!! Kan ikke slå den sounden!! Kan ikke vente på albumet!

Legg igjen en kommentar