Robyn - her fra P3Sessions i sommer. Foto: Kim Erlandsen, NRK P3

Robyn - her fra P3Sessions i sommer. Foto: Kim Erlandsen, NRK P3

Sniklytt!

Ny låt frå Robyn, Liam Gallaghers nye band og endå meir Kanye og Rihanna. Høyr alt her!

Skrevet av:
Publisert 14:14 10 november, 2010

22. november kjem Body Talk pt. 3 ut, siste del av Robyns albumtrilogi. Lydverket kunne tidlegare i år melda at den svenske popdronninga hadde gjenoppteke samarbeidet med landsmann og superprodusent Max Martin. Martin er ein av bransjens aller største hitmakarar, med landeplager som «Baby One More Time», «I Want It That Way», og, meir nyleg, «Teenage Dreams» på samvittigheten. Han var produsent for fleire av låtane på Robyns debutplate Robyn Is Here frå 1996, og Robyn fortalte Lydverket at dei to sidan har holdt kontakt. No er resultatet her, låta «Time Machine». Høyr den her:

Liam Gallaghers nye band Beady Eye har lagt ut sin fyrste singel, «Bring the Light» til gratis nedlasting. Forutan Gallagher består bandet av tidlegare Oasis-medlemmer Gem Archer, Andy Bell og Chris Sharrock. Albumet kjem neste år, og kan bli ei retro affære etter fyrste smakebit å dømma:

Ein kan saktens lura kva delar av Rihannas komande Loud-album som ikkje har lekka ut på nettet endå. Her er endå eit eksempel, den ikkje-lenger-så-sjokkerande-seksuelt-antydande «Skin»:

Også Kanye West har delt rikeleg av materialet til My Beautiful Dark Twisted Fantasy. På «Blame Game» har han fått med seg John Legend og Chris Rock, og den skal visstnok vera Kanyes favorittspor på heile plata.

Verdas kulaste folkstjerne, Laura Marling, har covra Neil Youngs «The Needle And The Damage Done». Produsent er Jack White (han er overalt!), og resultatet er riktig fint:

Tags: , , , , , , , , , , , , , , ,

Del "Sniklytt!"
 

6 kommentarer på “Sniklytt!”

  1. [...] for alle dei som gler seg til Robyns neste album, Body Talk Pt. 3 . Ikkje berre fekk ein høyra den Max Martin-produserte “Timemachine”, no kan ein også sniklytta på ikkje berre ein, ikkje berre to men TRE nye låtar frå siste del av [...]

  2. mad ferret sier:

    Den låta til Beady Eye var jo MYE bedre enn fryktet…
    Men det er kanskje ikke mulig å trå feil om man låner fritt fra Stones, Beatles og Primal Scream?
    Snakker vi spillelisting på P3?

  3. Chris sier:

    Beady Eye kommer til å bli helt mega! Liam er det nærmeste vi kommer en EKTE rockestjerne i dag, blant übertrauste band som Kings Of Leon og U2.

    Still mad fer it!!!

  4. mad ferret sier:

    Ikke uenig, Chris!

    Så forresten videoen nettopp. Ikke noe å utsette på den heller:

    http://www.youtube.com/watch?v=HfdYY1Iundo

  5. Rune sier:

    Beady eye sangen er jo kanon!. Måtte høres en to tre ganger før den virkelig traff. Hadde vært deilig med denne på radioen.

  6. Larsen sier:

    Jepp…Bring the Light av Beady Eye på P3

    Blir i godt humør av denne.

Legg igjen en kommentar