<B>Warpaint</b> LA-bandet blir remixa av Blackbird Blackbird

Warpaint LA-bandet blir remixa av Blackbird Blackbird

Mixtape

Remixer av The XX, Mark Ronson og Warpaint – og tre nye Robyn låtar. Høyr alt dette og meir til her!

Skrevet av:
Publisert 9:54 14 november, 2010

Er me lei remixer av The xx? Tja, ikkje når dei er gjort av The Neon Lights. Så kan heller Shakira ha coverversjonane sine for seg sjølv.

Det har vore ei god veke for alle dei som gler seg til Robyns neste album, Body Talk Pt. 3 . Ikkje berre fekk ein høyra den Max Martin-produserte «Timemachine», no kan ein også sniklytta på ikkje berre ein, ikkje berre to men TRE nye låtar frå siste del av hennar albumtrilogi: «Call Your Girlfriend»"Get Myself Together» og «Stars 4-ever»:

LA-kvartetten Warpaint er i ferd med å markera seg som ein av 2010 største indie-snakkisar. No har Blackbird Blackbird remixa singelen «Undertow», høyr resultatet her:

Heisann – La Rouxs Elly Jacksons stemme på Chromeos «Hot Mess». Ikkje mykje moderlig omsorg å spora der, gitt.

Shape What’s To Come er eit nettsamfunn som skal inspirera kvinner til å, ehm, forma framtida. Janelle Monae har laga denne låta, «Shape Of  Things To Come», for dei.  Last den ned gratis her.

«Somebody To Love Me» har Mark Ronson fått med seg både Boy George og Miike Snow på vokal, og låta blir på ingen måte gjort skam på i denne remixen av Herve ‘Very Vox’.

Tags: , , , , , , , , , , , ,

Del "Mixtape"

Legg igjen en kommentar