Sniklytt: Mastodon live

Sniklytt: Mastodon live

Bandet kjem med sin fyrste live-CD/DVD neste månad – sjå det fyrste klippet her!

Skrevet av:
Publisert 12:52 16 februar, 2011

Metallgruppa Mastodon har eit formidalbelt liverykte på seg, og no vert det endeleg dokumentert for ettertida: 15. mars kjem Live at the Aragon, eit CD/DVD-sett frå bandets konsert på Aragon Ballroom i Chicago hausten 2009. Her speler dei gjennom heile det fantastiske Crack The Skye-albumet frå 2009, i tillegg til spor frå Leviathan og Blood Mountain. Fansen får òg ein timelang tour-film med på kjøpet, som består av filmane som vart vist på scena bak bandet under konserten.

Sjå dei spela «Oblivion» frå Crack The Skye her:

Ein limited edition av livepakka er tilgjengeleg her. Sjekk også den offisielle traileren for utgivinga:

12. juni spelar Mastodon under Norwegian Wood-festivalen i Oslo, før dei reiser vestover og inntek Grieghallen i Bergen dagen etter. Dette vert fyrste gong bandet spelar eigen konsert på norsk jord sidan John Dee-gigen i 2005. Fansen har riktignok fått sin livedose gjennom festival- og supportjobbar, men ein kan ikkje undervurdera effekten av det å stå aleine på plakaten. Fjorårets Europaturné vart avlyst grunna sjukdom, så me kryssar fingrane for betre helse denne gongen!

Tags: ,

Del "Sniklytt: Mastodon live"
 

2 kommentarer på “Sniklytt: Mastodon live”

  1. [...] This post was mentioned on Twitter by NRK Lydverket, kimwoien. kimwoien said: RT @Lydverket: Snikklytt: Mastodon live: Bandet kjem med sin fyrste live-DVD neste månad – sjå det fyrste klippet her! http://bit.ly/gIEUI6 [...]

  2. [...] disse dager er den amerikanske kvartetten ute med sitt aller første konsertalbum – og om få måneder står de på scenen i både Bergen og Norwegian Wood i Oslo, etter at [...]

Legg igjen en kommentar