Smashing Pumpkins på barnerov

Ok, det er kanskje ikkje barnerov. Men Smashing Pumpkins sin nye trommis er ikkje akkurat gamle «kællen», for å sei det på ein litt finare måte.. Men han er jo fortsatt berre ein tenåring. Det lønnar seg å vere ung og lovande til tider.. Den trufaste trommeslagaren Jimmy Chamberlin forlot bandet tidlegare i år etter […]

Skrevet av:
Publisert 18:00 23 august, 2009
Smashing Pumpkins sin nye trommis er fortsatt i tenåra! foto: verdsveven

Smashing Pumpkins sin nye trommis er fortsatt i tenåra! Foto: google.com

Ok, det er kanskje ikkje barnerov. Men Smashing Pumpkins sin nye trommis er ikkje akkurat gamle «kællen», for å sei det på ein litt finare måte.. Men han er jo fortsatt berre ein tenåring. Det lønnar seg å vere ung og lovande til tider.. Den trufaste trommeslagaren Jimmy Chamberlin forlot bandet tidlegare i år etter å ha uttalt «I can no longer commit all of my energy into something that I don’t fully possess». Og då måtte Billy Corgan og resten av hans Smahing Pumpkins ty til gamle metodar for å finne ein erstattar. Og dermed utlyste dei ei trommeslagar stilling, der kven som helst kunne møte på ein åpen audition. Det var rundt 1000 søkjarar på «jobben» og den som til slutt sat igjen med jobben og nye bandkameratar, var 19 år gamle Mike Byrne. Som ifølge mr. Corgan himself skal vere ein ung, talentfull kar med den x-faktoren som alle store trommeslagarar har, i tillegg til fart, styrke og sjarm. Corgan er også sikker på at han sjølv vil bli pusha av Byrne til å bli ein mykje betre musikar. Så alder spelar kanskje inga rolle i musikkverden? Og godt er no det (då er det kanskje håp for oss som plutselig begynner å dra på åra..).

Så om du lurte på kven som skal spele trommer på Smashing sitt neste album… Så er det altså tenåringen Mike Byrne som skal slå laust trommesettet og turnere verden over med det som for seks år sidan vart favorittbandet hans.

Tags: , , ,

Del "Smashing Pumpkins på barnerov"

Legg igjen en kommentar