Trent Reznor og Atticus Ross, her under Golden Globe-utdelinga

Trent Reznor og Atticus Ross, her under Golden Globe-utdelinga

- Skjer dette verkeleg?

Trent Reznor tok audmjukt imot Oscar-statuetten for soundtracket til The Social Network

Skrevet av:
Publisert 11:07 28 februar, 2011

Under nattas Oscar-utdeling var det Trent Reznor, for mange best kjend frå Nine Inch Nails, som saman med Atticus Ross trakk det lengste strået i kategorien Original Score. Deira soundtrack til Facebook-filmen The Social Network hadde allereie vunne ein Golden Globe i same kategori, så for dei fleste var ikkje sjokket stort då namna deira vart lest opp frå scena. Reznor gav likevel uttrykk for å bli overraska:

- Då me avslutta arbeidet med The Social Network, var me stolte over arbeidet vårt og glade berre for å ha vore med i prosessen. Å stå her i dette selskapet gjer oss meir audmjuke og smigra enn me kan få sagt.

Ifølge Billboard seier han at den største utfordringa var å arbeida med filmmediet, og deler æra for resultatet med regissør David Fincher. Dette er det fyrste soundtracket Reznor har skrive, men han er allereie engasjert til filmatiseringa av Stieg Larssons bestselgar Menn som hater kvinner, på engelsk The Girl With The Dragon Tattoo.

Dei nominerte, Achievement in Music Written for Motion Pictures (Original Score)
How to Train Your Dragon (Dragetreneren), John Powell.
Inception, Hans Zimmer.
The King’s Speech (Kongens Tale), Alexandre Desplat.
127 Hours, A.R. Rahman.
The Social Network, Trent Reznor og Atticus Ross.

Prisen for beste song gjekk til Randy Newmans «We Belong Together» frå animasjonsfilmen Toy Story 3. Han var hakket meir blasert, og brukte delar av takketalen sin til å klaga over at det berre var fire nominerte i kategorien.

Dei nominerte, Achievement in Music Written for Motion Pictures (Original Song):
«Coming Home» frå Country Strong. Melodi og tekst av Tom Douglas, Troy Verges og Hillary Lindsey.
«I See the Light» frå Tangled (To på rømmen). Melodi av Alan Menken, tekst av Glenn Slater.
«If I Rise» frå 127 Hours. Melodi av A.R. Rahman, tekst av Dido og Rollo Armstrong.
«We Belong Together» frå Toy Story 3. Melodi og tekst av Randy Newman.

Tags: , , , , , , , ,

Del "- Skjer dette verkeleg?"

Legg igjen en kommentar