Skamlaust coverband
Fagernes Yacht Club er heldigvis meir enn selskapslokaler og ei marinahavn utanføre Bergen. Det er også bandet du bør få med deg i sommar.
Det blir sagt om interiøret på Fagernes Yacht Club – selskapslokalene, altså – at det ser ut som ein norsk bygdeversjon av Dynastiet. Det er også på eit vis ein treffande referanse til yacht rock-bandet med same namn. Yacht rock er namnet på softrock-sjangeren som var på høgda i åra mellom 1975 og 1984. Særleg appellerte musikken til dei stereotypiske jappane i California-området, den var polert og glatt som yachtane dei segla i. Fleire av yacht-rockarane frå Sør-California segla sjølv, og dei maritime referansane var rikhaldige i songane, videoane og på albumcovera.
FYC vart skipa i 2010 og i likskap med sine bandkollegaer frå sørvest-kysten av USA på slutten av 70-talet, starta også dette bandet med musikarar som var dyktige på kvar sin kant, og som gjerne spela i fleire band samstundes. Med medlemmer frå band som The New Wine, Kakkmaddafakka og Melodi Grand Prix-bandet, The Diamond, har dette vorte eit av dei mest spanande klubbkollektiva i Noreg.
Stian Iversen (The New Wine) seier at FYC handlar om å ha det gøy, skape stemning og å få folk med seg. På ein Fagernes Yacht Club-konsert skal ein drikke tropiske drinkar, sprade solbrun rundt med nedknappa skjorte så håret på brystkassa strittar ut.
- Me har ein ironisk distanse til det me held på med, men samstundes meiner me det. Me må jo meine det elles blir det teit. Me diggar musikken me covrar. Me diggar Toto.
Nyleg spela dei på Bygdalarmfestivalen i Øystese og hadde med seg ikkje mindre enn 13 bandmedlemmer iført docksides utan sokkar, tronge dongerishortsar og kvit- og blåstripete t-skjorter. FYC tek den heilt ut når dei lidenskapeleg framfører songar av Toto, Hall & Oates, Doobie Brothers, Kenny Loggins og Christopher Cross.
- Dei unge syns ofte at denne type musikk er harry og høyrer heime på Radio Norge. Vår jobb er å opne augene deira. Me ser at fleire og fleire unge kjem til konsertane våre maritimt antrukket og klare til fest.
Originalen:
Sjølv om kritikarane på byrjinga av 80-talet føretrakk punk- og new waveband som Blondie, Patty Griffin og The Clash, var det yacht-rockarar som Christoffer Cross og Toto som hanka inn dei mest prestisjefulle prisane på Grammyutdelinga i åra mellom 1981 og 1983. Og sjølv om kritikarar i dag krympar når dei høyrer ordet ”coverband”, skal ein ikkje sjå vekk frå at Fagernes Yacht Club vil få sjølv ein surmaga musikk-forstå-seg-på-ar til å dra på smilebåndet. Unn deg ein Malibu-basert drink når du får med deg Fagernes Yach Club i sommar.
Tags: Bygdalarm, Christoffer Cross, Doobie Brothers, Fagernes Yacht Club, Hall & Oates, Kakkmaddafakka, The New Wine, toto, Yacht rock
Dette er den musikken jeg hører på til vanlig. Hyggelig at noen tar den frem igjen
Jeg har nynnet på Toto’s Africa siden lørdag kveld på Bygdalarm. Takk skal dere ha!
Nå tenker jeg ikke på noe annet enn at jeg MÅ ha mer!
Og originalen, selveste Toto, spiller på Tysnesfest på torsdag. Just sayin. (ryktene vil ha det til at arrangørene har betalt over millionen for det, men det er vel underordnet)
Come on, lydverket..et coverband med noen eks idol og MGP folk. Hva er nyhetsverdien? Spiller de bare toto eller har de noen egne låter også?
De hae vært på forsiden av Natt&Dag så da er det lov
+1
Bedre med et godt coverband enn mange av de nye skranglepopbandene som er hypet opp i det siste.
«… bandmedlemmer iført docksides utan sokkar…»
Finnes det noen annet måte å bruke Docksides?
for en ubruklig artikel, som inneholder en god del «fakta» som bare er bullshit……
«Og sjølv om kritikarar i dag krympar når dei høyrer ordet ”coverband”, skal ein ikkje sjå vekk frå at Fagernes Yacht Club vil få sjølv ein surmaga musikk-forstå-seg-på-ar til å dra på smilebåndet.»
Coverband er på full fart inn igjen og kritikere er det man bryr seg minst med. Låner man det beste fra de beste blir som regel publikum fornøyd. Og hensikten med et coverband er ikke å gjøre kritikerne fornøyd, men å ha det gøy med «publiken».
Stå på! Husk at det er bedre å stjele det beste enn å lage noe middelmådig…
Coverband ass. Jeg ler meg ihjel.
Ser heller originalsketchene ( http://channel101.com/shows/show.php?show_id=152 ) enn å kaste bort mer tid på det greiene her.
Bergenserne er bare sånn ca 10 år for sent ute med å oppdage den shitten der. Og ironien de stapper inn i det hele gjør de bare til et mer ungdommelig Penthouse Playboys – and that ain’t a good thang!
[...] nett fått på plass både Samsaya og progrock-kongen El Doom, og så kjem den nye «supergruppa» Fagernes Yacht Klubb (med medlemer frå The New Wine, Kakkmaddafakka og The Diamond) til å levere ein heidundrande [...]