Sjå bileta frå den raude løparen!

Spellemannprisen 2011 er i gang – sjå alt frå den raude løparen her, og les om artistane sine forventingar for kvelden.

Skrevet av:
Publisert 20:32 14 januar, 2012

Ingen prisutdeling utan raud løpar, ei heller Spellemann. Medan siste finpuss vart unnagjort inne i Folketeateret på Youngstorget i Oslo, strømma dei nominerte artistane og inviterte gjestane forbi fotografanes blitzregn. Nokon meir spente enn andre.

- Det kjennes litt ut som eg må på do, seier Team Mes Simen Skari, som er nominert i klassen Pop og Årets nykommer.

Med poseringa unnagjort, meiner han likevel at det verste er unnagjort.

- Kven heier Team Me på i kveld?

- Jonas Alaska! I alle kategoriar, til og med dei han ikkje er nominert til. Og der han konkurrerar med oss.

Avslappa Bernhoft

Ein av kveldens store favorittar er Jarle Bernhoft. På førehand tek han det heile med knusande ro.

- Forventingane mine for kvelden er allereie oppfylde. Jeg er jo nominert og greier, seier artisten.

Mange held ein knapp på Bernhoft som Årets Spellemann, men sjølv heier han på Kaizers Orchestra i akkurat den kategorien.

- Om dei vinn, skal eg vera nøgd.

Godt år for Bjella

Ein annan stor favoritt til å stikka heim med ein pris, er visesongaren Stein Torleif Bjella. Han er nominert i kategorien Viser – noko fleire meinte var ein kategori eller to for lite. Det hadde inga innverknad på humøret til Bjella i kveld – han kan sjå tilbake på eit strålande år som musiker. Men kva var eigentleg høgdepunktet?

- Det har vore så mange. Øyafestivalen, og festivitetane i Haugesund, kanskje. Det er noko med dei gongane samspelet i bandet verkeleg stemmer. Men kanskje skal eg sei slutten av året, då eg fekk oppleva at plata mi verkeleg gjekk inn hjå folk.

- Om du skulle delt ut ein personleg heiderspris, kven ville den gått til?

- Å, då må eg tenka meg om… Kjartan Kristiansen, trur eg at eg seier. Og så ville eg gitt ei blome til Hans Petter Gundersen.

Trippelsjanse

Jonas Alaska er nominert til heile tre prisar i kveld. Han er naturleg nok nøgd med det, men vil ikkje spekulera i eigne i vinnarsjansar.

- Det er veldig mange dyktige som er nominert i år. Eg heier mellom anna på Team Me, som jo er vennar av meg.

Tags: , , , ,

Del "Sjå bileta frå den raude løparen!"
 

8 kommentarer på “Sjå bileta frå den raude løparen!”

  1. heier på plumbo. firmeningen min Lars erik, tommy og co.. heia heia!!! 

  2. Anonym sier:

    Eidsvåg vol. deux? (comme une représentation visuelle).

  3. Anonym sier:

    Eidsvåg vol. deux? (comme une représentation visuelle).

  4. [...] Les også: Sjå bileta frå den raude løparen! [...]

  5. Maren-Marie Herdlevær Ebbesvik sier:

    Plumbo kalte tsjawe og yosef for mokkamann !! Jævligt frekt !!! Hater de..

  6. Erland Eikestad sier:

    «Mokkamann»-Kommentaren reduserte en ellers grei Musikk-event-entertainment til det sedvanlige Bondeknøl-BS’et vi som har levd lenge nok til å huske 1-Kanals veldet husker.
    Men så fikk vel evenemanget sin SKAN-DA-LE da.
    (men låta e’kke no’ kul heller; så waddaf**K anyway.)

  7. [...] Se alle bildene fra Spellemann her! [...]

Legg igjen en kommentar