<B>Stay the night</b>: James Blunt er ute med ny singel

Stay the night: James Blunt er ute med ny singel

Singelslepp

Ja, artistar gjer framleis ut singlar. Sjekk ut dei nye til James Blunt, Mystery Jets og nokre til!

Skrevet av:
Publisert 14:48 2 november, 2010

James Blunt er i ‘Californayeeiey’ i sin nye singel «Stay the Night». Albumet Some Kind of Trouble kjem ut 8. november. Ny landeplage? Tja. Spå sjølv:

Best Coast er òg ute med ny låt: «Crazy for you» er fin skranglete indiepop, slik ein har begynt å venta seg frå den kanten.

«Show Me The Light» er andre single frå det nye Mystery Jets-albumet Serotonin. Dersom du har gløymt kor fin pop som kan koma ut av det britiske øyriket, er dette songen som kan friska opp hukommelsen din. Fin video har dei laga òg.

Om du likar litt (fullstendig) andre saker: Will.I.Am og Nicki Manaj har slått seg saman på singelen «Check It Out». Ingen premie til den som drar kjensel på ein viss 80-tals-hit i begynnelsen..

Tags: , , , ,

Del "Singelslepp"

Legg igjen en kommentar