Sei hallo til J. Tillman

Det er vel ingen nyheit at Fleet Foxes sin svevande barokkpop har gått rett i hjarta på mange det siste året. Og når vi spurte om du, kjære lesar ville vere med på å stemme fram den beste plata fra 2008, gjekk den sjølvtittelerte debutplata til Seattle kvintetten rett til topps… Og er du ein […]

Skrevet av:
Publisert 13:20 12 januar, 2009
J. Tillman Foto: MySpace

J. Tillman Foto: MySpace

Det er vel ingen nyheit at Fleet Foxes sin svevande barokkpop har gått rett i hjarta på mange det siste året. Og når vi spurte om du, kjære lesar ville vere med på å stemme fram den beste plata fra 2008, gjekk den sjølvtittelerte debutplata til Seattle kvintetten rett til topps…

Og er du ein av dei som har lagt din elsk på desse skjeggete mennene, så burde du også sjekke ut  trommissen til Fleet Foxes, J. Tillman. Eller Joshua Tillman som han eigentleg heiter. Men du kan sikkert kalle han Josh, slik kompisane gjer. For han har ei fin solokarriere på baken, men han er vel ikkje den første  trommeslageren som har starta for seg sjølv.

Sjølv om Josh kanskje er mest kjendt for å vere trommeslagaren i Fleet Foxes, har han gitt ut musikk som soloartist sidan 2004. Og det er ikkje berre ei plate det er snakk om,  for med den siste plata Vacilando Territory Blues, er han oppe i ikkje mindre enn fem utgivelsar. Og det er jo ikkje noko å kimse av. Forgjengarane har vel og merke berre komt ut i små opplag på mindre amerikanske selskap, men det seiast at 2009 skal bli året der J. Tillmann også får sin plass utanfor dei amerikanske landegrensene også.

Musikken han spelar er noko mørkare, råare og dystrare enn den Fleet Foxes sålangt har operert med. Men det er likevel musikk ein blir glad av og som lett kan få opp humøret på ein grå, trist vinterdag. Dette er altså ein slags anbefaling, om du var i tvil. Så sjekk ut mr. Tillman!

Tags: , , , , , ,

Del "Sei hallo til J. Tillman"

Legg igjen en kommentar