Samsaya i godt selskap

For ei stund tilbake fekk Samsaya vete at det var ein regissør som var interessert i å bruke musikken hennar i ein ny film. Det syns ho såklart hadde vore kult, samtidig som ho tenkte at det sjelden vert noko av slike forespørslar. Men ifølge 730.no fekk ho ein hyggjeleg romjulstelefon. Kompisen som ringte ho […]

Skrevet av:
Publisert 12:09 14 januar, 2009
Foto: MySpace

Foto: MySpace

For ei stund tilbake fekk Samsaya vete at det var ein regissør som var interessert i å bruke musikken hennar i ein ny film. Det syns ho såklart hadde vore kult, samtidig som ho tenkte at det sjelden vert noko av slike forespørslar. Men ifølge 730.no fekk ho ein hyggjeleg romjulstelefon.

Kompisen som ringte ho i romjula hadde akkurat vore på førpremieren til den store comeback filmen til Mickey Rourke, The Wrestler. Og 15 minutt ut i filmen hadde det dukka opp ei kjent stemme. Joda, det var Samsaya og låta hennar «Dodge It» som var komen med på sountracket til filmen. Ei nokså fin overrasking, spør du meg.

For filmen The Wrestler (som har premiere 13. februar her på berget) har alt vunnet fleire Golden Globe-statuettar, for bla. a beste skodespelar og ikkje minst for beste nye låt i ein film, gjort av Bruce Springsteen. Band som Guns N Roses, Cinderella, Ratt og (tydelegvis) Samsaya har også vore med på å legge lyden til The Wrestler.  I tillegg spekulerast det også i om filmen vil få Oscar-nominasjonar.

Fint selskap å vere i dette. Spesielt med tanke på kor mange som kjem til å sjå filmen, og dermed høyre låta til norske Samsaya.

Tags: , , , , , , , , , , ,

Del "Samsaya i godt selskap"

Legg igjen en kommentar