Har Radiohead fleire vokalistar på lur?
Neida, Radiohead har ikkje tenkt å bytte ut Thom Yorke! Men det viser seg at bandets trommeslagar Phil Selway ikkje berre hjelper Thom Yorke med backing, men at han er ein minst like god vokalist som Coldplays trommeslagar Will Champion… Radiohead sin trommeslagar Phil Selway er kanskje ikkje akkurat kjent for å opptre aleine som […]
Neida, Radiohead har ikkje tenkt å bytte ut Thom Yorke! Men det viser seg at bandets trommeslagar Phil Selway ikkje berre hjelper Thom Yorke med backing, men at han er ein minst like god vokalist som Coldplays trommeslagar Will Champion…
Radiohead sin trommeslagar Phil Selway er kanskje ikkje akkurat kjent for å opptre aleine som singer/ songwriter (men no sluttar jo desse trommisane aldri å imponere). Og på ein konsert i samanheng med Neil Finn sin del to av «7 Worlds Collide project» The Sun Came Out (der han har med seg medlemmar frå bla. Radiohead og Wilco) tok mr. Selway på seg singer/ songwriter hatten og spelte to akkustiske låtar for eit lite London- publikum. Og slik såg og hørtes det ut:
[youtube N0W_npl_RQA]
[youtube Hfr5Wx8yRzM]
Like it? Isåfall skal det gå an å finne meir der dette kom ifra. For ifølge Radiohead Plastic Green skal Phil Selway snart begynne innspelinga av si soloplate. Om det er sant? Det får vi berre vente med å finne ut av.
Tags: 7 worlds collide project, Coldplay, neil finn, o brien, phil selway, Radiohead, Singer/Songwriter, solodebut, the sun came out, Thom Yorke, trommeslager, trommis, Wilco, Will Champion