Punkens gudfar er tilbake
Punkens gudfar også kjent som Iggy Pop er tilbake. Og med tilbake, så meinar vi såklart med ny plate. 18. mai er datoen du skal merke av i kalendaren, om du er Iggy fan. Eller om du berre er nysjerrig på kva denne gamle karen har å by på denne gongen. Ifølge EMI er den […]
Punkens gudfar også kjent som Iggy Pop er tilbake. Og med tilbake, så meinar vi såklart med ny plate.
18. mai er datoen du skal merke av i kalendaren, om du er Iggy fan. Eller om du berre er nysjerrig på kva denne gamle karen har å by på denne gongen. Ifølge EMI er den nye plata eit meir dempa album som er prega av jazzens overtonar. Og Iggy Pop har sjølv sagt dette:
«At one point I just got sick of listening to idiot thugs with guitars banging out crappy music and I’ve started listening to a lot of New Orleans-era, Louis Armstrong, Jelly Roll Morton type of jazz. And I’ve always loved quieter ballads as well»
Plata har fått tittelen Preliminaires (som er fransk for forspill), og skal vere laga spesielt for Frankrike, franskmenn og den fransk-talande befolkningen. Og ei låt er spelt inn på fransk, «Autumn Leaves» på engelsk, og «Les Feuilles Mortes» på fransk. Interessant, og litt sært. Men det betyr ikkje at vi treng å vere negative. Tvert i mot!
Sjå Iggy Pop promotere den kommande plata i denne lille videoen:
[youtube s8YqPehV--A]
Tags: album, frankrike, fransk, Iggy Pop, jazz, Musikk, plateslipp, preliminaires, punk