PJ Harvey rystar England

PJ Harvey rystar England

Nytt album, Let England Shake, er klart til februar neste år. Høyr tittelsporet her!

Skrevet av:
Publisert 16:26 23 november, 2010

Etter nokre kryptiske beskjedar på si eiga heimeside, er det no klart at oppfølgaren til PJ Harveys White Chalk frå 2007 er ikkje langt unna. 14. februar kjem Let England Shake, produsert av Depeche Mode- og U2-produsent Flood. Makker John Parish er også med på laget. Saman med plata kjem òg ei rekke med konsertar og (truleg) festivalopptrednar, men når eller om Polly Jean kjem innom Norge er endå ikkje klart.

Til NME fortel ho at mesteparten av albumet vart spelt inn live i ei kyrkje, og resultatet skal vera ei oppløftande og energisk plate.  Medan Harvey droppa gitaren til fordel for pianoet på sitt forrige album, er det no autoharpa som står i fokus. Då ho gjesta Andrew Marr Show tidlegare i år serverte ho ein smakebit av kva fansen har i vente – nærare bestemt tittelsporet «Let England Shake». Sjå klippet her:

Tags: , , , ,

Del "PJ Harvey rystar England"
 

1 kommentar på “PJ Harvey rystar England”

  1. Ulf Hoberg sier:

    Dette var godt nytt…. Håper hun legger veien om Norge!!!!!!!!!!!!!!

Legg igjen en kommentar