Phoenix, Daft Punk og andre overraskelsar
Daft Punk dukka uannonsert opp under Phoenix sin konsert i Madison Square Garden denne veka – til publikums store glede.
Phoenix headlina CMJ-festivalen i New York denne veka, og under konserten på Madison Square Garden fekk fansen meir enn dei sannsynlegvis hadde håpt på. Etter at bandet hadde gått av scena, for så å koma tilbake for ekstranummer, dukka nemleg landsmenn Daft Punk opp i DJ-båsen.
Då publikumskjønte tegninga var ikkje eit mobilkamera kaldt. Det nyslåtte samarbeidet slo til med «Harder, Better, Faster, Stronger» :
Etter eit pent lite sett, som avslutta med «1901″, trakk banda seg tilbake og lot fansen gå heim til sine respektive Twitter-kontoar.
Alle elsker overraskelsar – her er eit knippe andre uannonserte gullkorn:
Under Austin City Limits-festivalen, som gjekk av stabelen for eit par vekers tid sidan, fekk Miike Snow besøk av Vampire Weekend-vokalist Ezra Koenig. Vel å merka for å covra «The Kids Don’t Stand A Chance»:
Deftones-vokalist Chino Moreno dukka opp under 30 Seconds To Mars sin konsert i Houston, Texas for å bli med på framføringa av «The Kill»:
The Gaslight Anthem får besøk av sjølvaste The Boss under ein konsert i Hyde Park i fjor:
Og når me fyrst er inne på det: Skodespelar Susan Surandon vitjar ein Of Montreal-konsert i New York – for å bedriva litt god gamaldags spanking. Eit selsamt syn.
Tags: 30 Seconds To Mars, bruce springsteen, daft punk, deftones, Miike Snow, Of Montreal, Phoenix, The Gaslight Anthem, vampire weekend
Denne fortjener også å være her;
http://www.youtube.com/watch?v=KnELkrxsXiw
http://thisiseven.blogspot.com/2011/02/digital-love.html
En morsom artikkel om DAFT PUNK