Trioen fun. er ute med sitt andre album <I>Some Nightsz</i>. Foto: Promo/Lindsey Byrnes.

Trioen fun. er ute med sitt andre album Some Nightsz. Foto: Promo/Lindsey Byrnes.

fun. - Some Nights

På tide å gå heim

fun.s andre album høyres ut som lydsporet til Disney-filmatiseringa av Freddy Mercurys liv. Og det er ein akkurat like dårleg idé som ein skulle tru.

Skrevet av:
Publisert 13:28 21 mai, 2012

Cover til Some Nights.

Eg skal vera ærleg. Det var nokre greier ved fun. som plaga meg allereie før Some Nights, trioens andre album, vart satt i rotasjon. Vel er eg ikkje døv for dei som hevdar at både vokalist Nate Reuss’ førre band, The Format, og fun.s debutalbum Aim And Ignite hadde noko for seg. Men eg meiner uansett at alle artistar som tvinger oss til å stava namnet deira med ein grammatisk ukorrekt miks av små og store bokstavar, erstattar s-ar med dollarteikn, legg inn sprø teiknsetjing og generelt oppfører seg som om alfabetet er til for å radbrekkast, er irriterande fram til det motsette er bevist.

Vidare oppfattar eg joint-mekkinga på albumcoveret som eit tåpeleg forsøk å framstå rebelske – sjølv om eg kan forstå at dei har behov for å rettferdiggjera den meiningslause «rockeband»-merkelappen dei har vorte påklistra i det siste. I tillegg vert Some Nights ledsaga av ei pressemelding som inneheld setningar som «Now pretend fun. is not a band, but an amusement park.»

Ikkje eit strålande utgangspunkt, men verst av alt er kanskje dette: Eg tykkjer ikkje at «We Are Young», låta som tidlegare i år låg seks veker på toppen av Billboard-lista, og som no er med på å gje Some Nights eit heilt anna momentum enn det elles ville hatt, er noko meir enn ein heilt grei poplåt. Allsongskvalitetane er openbare, men fun. er knapt nok det einaste bandet som har oppdaga den samlande krafta som ligg i songar som handlar om å vera ung og gripa dagen. Reuss og resten av gjengen har ganske enkelt følgt ein vellukka formel, innkassert stort – og sløst med talentet til Janelle Monáe på vegen.

«We Are Young»:

Men om forventningane ikkje akkurat sto i taket, greidde Some Nights likevel det kunststykket å skuffa. For i den grad ein faktisk kan snakka om dette albumet i fornøyelsesparktermar, er det ein slingrande, skingrande berg-og-dal-bane-tur – meir kvalmande enn frydefull, og med ubehagelege overraskingar ventande kring kvar sving.

Introsporet – ikkje overraskande titulert «Some Nights (Intro)» – gjev deg ei stiv dose av kva du har i vente. Med fleirstemt kor, dramatiske dynamiske skift og kjensleladd vokal er låta eit så kraftig nikk i retning av Queen at ein burde fått kink i nakken av mindre – sjølv om eg er usikker på om sjølv Freddie Mercury ville ha prøvs å rima «Twitter» med «bitter» om han var i live i dag. Taktene vert vidareført på tittelsporet, der ein overivrig rytmeseksjon fører det heile over i Løvenes konge-land. Strø på litt autotune på toppen, og nokre av hovudingrediensane i resten av albumet er servert.

Og det er tungt fordøyelege saker. Frå den direkte smertelege «It Gets Better» (det gjøkke det, vøtt), patosbomba «Why Am I The One», til den bastante, liksom-sinte «One Foot»  vert ein beint fram forundra over kva fun. faktisk må ha tenkt med dette albumet. At dei skulle ta tilbake musikalpopen? At symfoniske grep endeleg skulle få si oppreising? At vokalimprovisasjon på autotune er noko som vert gjort alt for sjeldan?

Jau då, det finst formildande omstende. Diverre snakkar eg då ikkje fyrst og fremst dei små-snertne refrenga til låtar som «All Alone» – slike tilløp vert stort sett øydelagt av syntetiske sekkepiper, marsjtrommer eller liknande fiffige grep rimeleg kjapt. Heller er det den reine underhaldningsverdien som ligg i at ein vaksen mann lirer av seg «Some nights I rule the world / with «barlights» and «pretty girls» / but most nights I stay at home and think about my mom / oh god I miss her so much» som eitt av mange tekstlege feilskjær - tilsynelatande i fullt alvor.

Eg veit ikkje kva slags ulovleg substans ein bør ha i seg for at dei kunstnariske kvalitetane til Some Nights skal koma til sin rett – det einaste eg veit er at eg ikkje er interessert. Some Nights er ei sjølvhøgtidleg samansetning av delar som aldri burde vore ført saman, fullstendig blotta for den sjarmen ein lengtar etter i eit godt popalbum. Det er ikkje moro. Det er berre latterleg.

Maria Horvei

Tags: , , , ,

Del "På tide å gå heim"
 

9 kommentarer på “På tide å gå heim”

  1. Dæven. Skulle nesten tro du hadde blitt dumpa av Nate Reuss eller noe. Makan til negativ anmeldielse er det lenge siden jeg har sett! 

    Greit nok at mange av sangene er veldig sære og at de kanskje treffer en liten målgruppe, men det er jo flere fantastiske sanger også. «Carry on» alene er grunn nok til å gi albumet minst ett terningkast høyere. «We are young» er også en god låt, men her burde de utnyttet talentet til Janelle Monáe mye mer. Flere kule låter. «It gets better» er jeg helt enig i at er veldig dårlig.Jeg sier ikke at det er et dritbra album, men det fortjener langt bedre enn en toer! Folk burde høre «Carry on», «We are young» og «Why am I the one» før de legger albumet dødt.Maria, din surpomp! :)


    Sindre

  2. Denne anmeldelsen er en blanding av dårlig musikksmak, dårligere humor og en fæl dialekt. Maria, terningkast 2 til deg!

  3. Denne anmeldelsen er en blanding av dårlig musikksmak, dårligere humor og en fæl dialekt. Maria, terningkast 2 til deg!

  4. Jeg heller mot å tro at det er større underholdningsverdi i anmeldelsen enn albumet, kudos.

  5. Om Twitter er bitter så er iallefall Maria Horvei det. Ikke vær så sur. Denne plata er faktisk ikke så ille. 
     
    Anmeldelsen din derimot er kjip. Synes du kan unne deg litt ulovlige substanser og leve opp til etternavnet ditt ei helg, så kanskje du blir litt blidere..

  6. Dette var trauste greier Maria.

    Som nevnte lengere ned er «Carry On» alene en grunn til å heve terningenkastet med en.
    Samme med «Some Nights» øker kvaliteten på platen med en kvantesprang.
    Så gå ut og legg deg i sola og sett på fun. på øret så skal du raskt se at du skifter mening.

  7. Har virkelig ikke lyst til å finne ut hva slags musikk du faktisk liker, Maria. Some Nights er etter min mening et av årets beste album, og stemmen til Nate Ruess er jo helt syk! En av de beste stemmene i bransjen etter min mening, og det hører man også når han opptrer live. Finner ikke en eneste dårlig sang på dette albumet, og sanger som We Are Young, Some Nights, Carry On og All Alright er det høy klasse over! Klar 6er i mine øyne!

  8. Anonym sier:

    Bra med sutring. Musikksmak er forskjellig, verre er det ikke. Hun liker ikke albumet, dere gjør det, jeg synes det er middelmådig. Musikksmak er noe av det mest subjektive som finnes, og heldigvis for henne har Maria fått betalt for å dele sin. 

    Tror dere at hun kommer til å like albumet (eller bandet) noe bedre av at folk slenger usaklig dritt til henne? Prøv heller med en saklig kommentar – som noen skal ha ros for å skrive (hei, Øystein) – da vil hun kanskje ta det til seg.

Legg igjen en kommentar