På gateplan

På gateplan

74 dagar til det aller siste The Streets-albumet kjem ut. Ta ein kikk på kva Mike Skinner har drive med i det siste.

Skrevet av:
Publisert 14:57 24 november, 2010

Computers and Blues, det siste albumet Mike Skinner har tenkt å gjera under The Streets-navnet, kjem ut 7. februar. Nedtellinga i gang på Skinners heimeside, som også er blitt ein bra kanal for oppdateringar om Birmingham-rapparens liv og leven. Ny musikk, videoar, verbale twitter-oppdateringar – her er nokon høgdepunkt:

Det som kan vera fyrste smakebit på Computer and Blues, låta «4 O’Clock», dukka opp i begynnelsen av månaden. Hooken barnsleg og fin: At four o’clock today I’m gonna punch you in the face.

Etter at The Guardians skribent James McMahon denne veka skreiv om korleis The Streets - i større grad enn dei aller fleste artistar- utnyttar internetts sanne potensial, la Skinner ut videoen under. Her svarar han på McMahons slengbemerking om at Skinner har slutta å tweeta i bakfylla.

Det stemmer likevel at Twitter-kontoen til Mike Skinner ikkje er kva den ein gong var. Men, som han forklarar: Han har ikkje gitt opp Twitter, han har berre gitt opp å skriva. I denne videoen svarar han @junkion, @craigwest, @kronologic @davidhamburger:

Det som kan vera fyrste smakebit på Computer and Blues, låta «4 O’Clock», dukka opp i begynnelsen av månaden. Hooken barnsleg og fin: At four o’clock today I’m gonna punch you in the face.

Ein ny video til «Trust Me»:

Og ein visuell oppsummering av Skinners tur til San Fransisco – lydmesse, ei and som såg ut som ei rotte, ny Burberryjakke:

Tags: , , , , ,

Del "På gateplan"
 

1 kommentar på “På gateplan”

  1. Joa sier:

    Gleder meg til nyeste skiva. 4 O’Clock var fet!

Legg igjen en kommentar