Og så var hausten på veg..

  Då var Øyafestivalen over. Og etter ein pangavslutning med Röyksopp på Enga i går, er det jo berre å gå rundt og smile og glede seg til neste års festivalsommar. Men det er jo eit heilt år til, så det hadde jo vert fint med nokre andre musikalske godbitar å sjå fram til når […]

Skrevet av:
Publisert 13:49 16 august, 2009

 

Joan As A Police Woman foto: MySpace

Joan As A Police Woman foto: MySpace

Då var Øyafestivalen over. Og etter ein pangavslutning med Röyksopp på Enga i går, er det jo berre å gå rundt og smile og glede seg til neste års festivalsommar. Men det er jo eit heilt år til, så det hadde jo vert fint med nokre andre musikalske godbitar å sjå fram til når haustmørket snik seg innpå. Og her er noko av det ein kanskje kan sjå fram til. I Oslo iallefall…

Og om ikkje mange dagane, (berre 14 faktisk) kjem Dinosaur Jr til Oslo og Rockefeller. Datoen er 30. august, og moglegheitene for gamle og nye låtar er vel stor. Etter eit vellykka comeback slapp dei plata «Farm» i midten av Juni. Så er du hypp på litt gitarstøy og rocknroll, så er Rockefeller altså stedet å vere søndag 3o. august. 

Og ikkje lenger enn til september, så begynner perlene å dukke opp på ei snor. Onsdag 2. september får John Dee eit fint og flott besøk av indierockerane i The Walkmen. Ikkje lenger enn dagen etter, altså 3. september blir det storslått fest på Sentrum Scene ilag med Thomas Dybdahl, Lars Horntvedt og Trondheimssolistane. For ikkje å gløyme at dei nye islandske heltane våre i Hjaltalin spelar i nabolaget samme dag, på John Dee.

Fekk du ikkje med deg Donkeyboy på Øya tidlegare denne veka? Jaja, då er det ein ny moglegheit for det allerede 16. september. Og der er John Dee som husar denne konserten. Her får du nok ein god dose med «Ambitions».  To dagar seinare, på Rockefeller blir det eit nytt gjensyn med Skambankt som også har med seg Kvelertak

Joan As A Police Woman er ei flink,flink dame. Og ho kan du glede deg til å sjå på John Dee tirsdag 13. oktober. La oss håpe på litt god hauststemning denne dagen. Men blir dette litt for roleg og sart for sjela di, så er Datarock og Karin Park å finne på Rockefeller mandag 19. oktober. Og huksar vi rett, så blir nok dette ein festdag.

Andre mennesker som tar turen innom Oslo og Rockefeller, Sentrum Scene og John Dee er White Lies, Phoenix, The Mars Volta, Pete Doherty (kanskje, kanskje ikkje?) og ein heil del andre band og artistar.

Mykje å glede seg til altså, sjølv om hausten plutselig kjem snikande.

Tags: , , , , , , , , , , , , , , , , ,

Del "Og så var hausten på veg.."
 

1 kommentar på “Og så var hausten på veg..”

  1. Bergenser sier:

    Ikke glem Passion Pit på Parkteateret 2. september og Yo La Tengo på Cosmopolite 15. november.
    Dessuten er det flust av andre konsertgodbiter rundt omkring i andre norske byer!

Legg igjen en kommentar