Nytt og dansk

Ein skal ikkje kimse av å oppdage musikk og artistar gjennom reklame. Telefonselskapet t-mobile har gjort som Apple gjer i sine iPod reklamar og som så mange andre også har gjort, nemlig å fronte låtar med lovande artistar i sine reklamar. I dette tilfellet snakkar vi om den danske dama Obél. Obél er ein singersongwriter […]

Skrevet av:
Publisert 13:51 8 mars, 2009
Ugle og Obél Foto: MySpace

Ugle og Obél Foto: MySpace

Ein skal ikkje kimse av å oppdage musikk og artistar gjennom reklame. Telefonselskapet t-mobile har gjort som Apple gjer i sine iPod reklamar og som så mange andre også har gjort, nemlig å fronte låtar med lovande artistar i sine reklamar. I dette tilfellet snakkar vi om den danske dama Obél.

Obél er ein singersongwriter som opprinneleg kjem frå København, men som oppheld seg i Berlin for augenblikket. Ho begynte å spele piano som barn, og seinare begynte ho å skrive eigne tekstar. I ungdomsåra danna ho bandet Sohio saman med ein anna dansk musiker, og dei jobba med produsenten Elton Theander før dei bestemte seg for å gjer ting for seg sjølv. For Obél er litt på den greia der ein skal gjere alt sjølv.

For akkurat som mange andre artistar, så likar ho å skrive, spele, synge, produsere og alt det andre som høyrer med sjølv. Og det er sikkert fint det altså. Uansett. Debutsingelen hennar «Just So» er låta som er brukt i t-mobile reklamen, og er berre ei av låtane du mest sannsynlig får høyre på debutalbumet som er under working progress. Så, før du veit ordet av det er Obél eit kjent navn på den nordiske musikkhimmelen. Fint er det iallefall.

Her kan du sjå reklamefilmen der sikkert mange fleire enn meg har høyrt låta «Just So».

Tags: , , ,

Del "Nytt og dansk"

Legg igjen en kommentar