Nytt liv til Gil-Scott Heron
Jamie xx har remiksa heile det fantastiske I’m New Here-albumet til Gil-Scott Heron. Høyr alt saman her!
I februar 2010 kom I’m New Here, den legendariske amerikanske artisten Gil-Scott Heron sitt fyrste album på ti år. No har Jamie xx, mannen som blant anna er kjent for å ha miksa The XX sitt strålande debutalbum, remiksa heile albumet. Takka vera The Guardian kan du no streama heile plata, før det offisielt kjem ut på mandag.
Høyres bra ut?
I eit intervju med magasinet Fact snakkar Jamie om arbeidet med albumet. Her forklarar han at prosjektet begynte like etter han hadde remiksa Florence And The Machine, og at han har inkludert gamle, uutgitte spor frå 1970-talet i tillegg til dei nye låtane frå I’m New Here. Heile intervjuet kan lesast her!
[...] This post was mentioned on Twitter by NRK Lydverket, Brita Marie Servan. Brita Marie Servan said: RT @Lydverket: Nytt liv til Gil-Scott Heron: Jamie xx har remixa heile det fantastiske I'm New Here-albumet til Gil-Scott Heron… http://bit.ly/hRmI9e [...]
han er vel mer kjent for å faktisk være med i bandet?
joa, det var vel tenkt i miksesamanheng:)
Jeg også ble en smule forvirret over det.. begynte å google før jeg leste kommentarene
Stilig! Men å hevde at Jamie xx har remikset heile albumet «I’m new here» stemmer vel strengt tatt ikke?
R.I.P. Gil Scott Heron
RIP Indeed. Kul kis