Nye navn til Øyafestivalen 2009

Siste nytt frå Middelalderparken er ikkje berre småplukk spør du oss. For idag er det klart at våre eigne elektronika-prinsar i Röyksopp er klare for festivalen. Det er også Chairlift. Det er vel ikkje så mykje nytt vi kan sei om Röyksopp eigentleg. Det meste er vel alt sagt.  Og er du usikker på kven […]

Skrevet av:
Publisert 16:35 19 januar, 2009
Foto: MySpace

Foto: MySpace

Siste nytt frå Middelalderparken er ikkje berre småplukk spør du oss. For idag er det klart at våre eigne elektronika-prinsar i Röyksopp er klare for festivalen. Det er også Chairlift.

Det er vel ikkje så mykje nytt vi kan sei om Röyksopp eigentleg. Det meste er vel alt sagt.  Og er du usikker på kven Röyksopp er? Då burde du skamme deg, og gå på kammerset for å pugge. For dette er ein konsert og ei gruppe det ikkje går an å gå glipp av. I tillegg til at dei i august er aktuelle med ei ganske ny plate, blir også konserten på Øya den første på seks år og ein av dei få som blir lagt til vårt langstrakte land.

Chairlift er den amerikanske Colorado-trioen bak låta Bruises, som du sikkert har høyrt ved ein eller anna anledning. For den har nemlig fronta Apple sin iPod Nano kampanje, i tillegg til at den har surra rundt på radioen ei stund. Vår anmelder var ikkje veldig begeistra for «stolheismusikken» på plata Does You Inspire You? Men du kan jo gjere deg opp di eiga meining, kanskje ved å møte opp når Chairlift spelar på Øyafestivalen i august.

I tillegg til desse to er også Arctic Monkeys, Satyricon og Kåre & The Cavemen, med flere booka til festivalen.

Tags: , , , , , , , , ,

Del "Nye navn til Øyafestivalen 2009"
 

4 kommentarer på “Nye navn til Øyafestivalen 2009”

  1. Pandr sier:

    Hyggjeleg! Forresten, eg likar at du skriv nynorsk, hald fram med det!

  2. Jack Levin sier:

    Hvorfor ser han karen til venstre ut som en slup slange og han til høyre en gjennomsnittelig kjip-hip nordlending? De låter jo så bra ellers.

  3. per einar sier:

    Pandr. eg lika det eg også :)

  4. nynorsken blir. no worries!

Legg igjen en kommentar