Train. Foto: Promo

Train. Foto: Promo

Norsk duo bak årets beste låt?

Det meiner i alle fall den amerikanske foreininga for låtskrivarar, som under si årlege prisutdeling kåra «Hey Soul Sister» til Song of the Year. Bak hiten står Espen Lind og Amund Bjørklund.

Skrevet av:
Publisert 14:51 28 april, 2011

Under den årlege prisutdelinga ASCAP Songwriter of the Year, som gjekk av stabelen i Los Angeles i går, vart USAs beste låtskrivarar og hitmakarar hedra. Arrangør er The American Society of Composers, Authors and Publishers. Ein av dei gjevaste prisane, nemleg Song of the Year, gjekk til Trains «Hey Soul Sister» – skrive av frontfigur Pay Monahan, saman med Espen Lind og Amund Bjørklund. Dei to utgjer låtskrivar- og produksjonsteamet Espionage, som i løpet av dei siste åra har samarbeida med nokon av USAs største artistar.

«Hey Soul Sister» er henta frå Train sitt album Save Me San Fransico, og er bandets største hit til dags dato. Den var den mest nedlasta låta på iTunes i 2010, den mest spelte i australsk radios historie, og den mest solgte singelen Columbia Records nokonsinne har gitt ut. Tidlegare i år vann «Hey Soul Sister» Grammy for Pop Performance By a Duo or Group With Vocals.

Ein del drahjelp har låta riktignok mottatt – den vart brukt i Samsungs 3D-TV-reklame under Oscarutdelinga ifjor, og vart covra i den ekstremt populære musikal-TV-serien Glee.

Gjennombrotet til Espionage kom i 2006, då dei var medskribentar på Beyoncés «Irreplacible». Låta toppa Billboardlista i ti samanhengande veker, og var 2007s mestselgande singel. På denne låta, og under seinare prosjekt, arbeida duoen tett med Tor Erik Hermansen og Mikkel Storleer Eriksen, også kjent som den norske suksesshistorien Stargate. Lind og Bjørklund står òg bak låtar framført av mellom anna Chris Brown, Leona Lewis og Trey Songz. Dei arbeidar frå New York.

Av dei andre prisvinnarane frå gårsdagens ASCAP-utdelinga finn me hitmaskinene Dr. Luke og Max Martin, som vart kåra til Songwriters of the Year. Dei to står bak fem av 2010s aller mest populære låtar, mellom anna «California Gurls» og «Teenage Dream» med Katy Perry, og «Dynamite» med Taio Cruz. Prisen for Publisher of the Year gjekk til plateselskapet EMI – dei står bak 19 av 2010s mest populære låtar, melder Billboard.

Tags: , , , , , , , ,

Del "Norsk duo bak årets beste låt?"
 

10 kommentarer på “Norsk duo bak årets beste låt?”

  1. kakemann sier:

    Kult at de prøver nye akkordprogresjoner. Dette har jeg aldri hørt før.

  2. Aksel sier:

    Jeg er sikker på at om en spiller denne sangen sammen med en Maroon 5 låt med invertert fase, vil en få absolutt stillhet.

  3. Tovylly sier:

    Kom igjen’a folkens! Dette er 100% streit popmusikk og en fin låt (og da snakker jeg om Train). Ta det for det det er og ikke noe annet. Det er ingen som forsøker å sende en melding her, ingen som mener noe, ingen hating, ingen sarkasme, ingen dobbeltbetydning og ingen forsøk på å tilfredsstille de sirkelronkende, introverte, angstfylte, ubarberte, umodne überhipsterne med skulderveske og Converse på løkka.

    Dette er den musikalske versjonen av en kjappis på badet før du springer den feite ræva di bort på bussholdeplassen.

    Trenger musikk å være vanskeligere enn dét? Ikke alltid.

  4. Aslak sier:

    Flott poplåt! Hjelper godt at Pay Monahan synger som en kule.

  5. Balle Klorin sier:

    Jeg er dett i desa jeg!

  6. Sungam sier:

    Årets låt 2010 plagiat av årets låt 2009? http://www.youtube.com/watch?v=EkHTsc9PU2A

  7. dBRippel sier:

    Ha!
    Dette jo direkte kopi av «Forever Young» akkordene som er brukt helt identisk i hundrevis av pophits de siste 40 årene!

    Jason Mraz: I,m Yours,
    Bob Marley: No Woman no cry,
    U2: With or without you,
    Beatles: Let it be,
    Red Hot Chili Peppers: Under the bridge
    Men at work: Land Down under
    ++++

    Skikkelig originalt med andre ord :(

    Sjekk http://www.youtube.com/watch?v=OMshvUReunc

    Lær deg følgende akkorder og du kan pøse ut hits: D – A – Hm G

  8. Espen Abusdal sier:

    Spill musikk og drikk vin!

Legg igjen en kommentar