Musikk til frokost, musikk til kvelds

30 scener. 12 timar med musikk. Midt i Oslo. Heilt gratis. Lurar du verkeleg på kva du skal neste laurdag? Om du er i tvil, så er det på Musikkfest i Oslo du burde befinne deg, 6. juni. Då blir tigerstaden forvandla om til ein musikkby, der ein kan gå på konsert frå morgon til […]

Skrevet av:
Publisert 18:00 31 mai, 2009
Gerilja Foto: NRKP3

Gerilja Foto: NRKP3

30 scener. 12 timar med musikk. Midt i Oslo. Heilt gratis. Lurar du verkeleg på kva du skal neste laurdag?

Om du er i tvil, så er det på Musikkfest i Oslo du burde befinne deg, 6. juni. Då blir tigerstaden forvandla om til ein musikkby, der ein kan gå på konsert frå morgon til kveld. Programmet for denne flotte dagen er no klart. Og om værmeldingane vert like bra neste helg som denne, då er jo musikkfesten nødt å bli ein suksess. Og lurar du på kven kvar og når, så kan du jo ta deg ein tur innom her. For å få oversikt over kven som spelar kvar og når. Men vil du berre ha eit lite hint om kven du kan rekne med å sjå og høyre ein stad i Oslo neste laurdag, så kan vi nemne Gerilja, Josefin Winther, Einar Stray, Noora Noor, Maribel, Hiawata! og ein heil del andre. Mykje å glede seg til med andre ord. Og ein slags fin oppvarming til festivalsommaren, som er rett rundt hjørnet.

Det er altså ikkje nødvendig å lure på korleis ein skal fylle neste laurdag. Og nemnte vi at det er heilt gratis? For det er det. Nok ein grunn for å få med seg denne musikkens dag.

Tags: , , , , , , , , , ,

Del "Musikk til frokost, musikk til kvelds"
 

2 kommentarer på “Musikk til frokost, musikk til kvelds”

  1. Grønnerud sier:

    Jeg skal iallefall se Lyd som ble slått på målstreken av Norma Sass i Zoom-finalen, Manatee Racket og Sigh & Explode. Håper på samme vær som denne helgen!

Legg igjen en kommentar