MTV sett pris på digital musikk
OMA, prisutdeling for digital musikk, vert lansert i april – utan at nokon kan sei deg kva Oen står for. Lydverket har sine kandidater klare!
Den nye prisutdelinga, som skal lanserast i april, har som mål å vere for den digitale musikkdistribusjonen det MTV Video Music Awards har vore for musikkvideoen sidan starten i 1984. Oen i OMA er ikkje tenkt å stå for noko spesielt, men vera open for personelege tolkingar, melder Billboard. Online Music Awards? Oh my god? Oops? Overeksponert? Du bestemmer sjølv.
Rammene for kven som kan bli nominert, og kva kategorier ein kjem til å operere med, vitner om ei utvida forståing av dagens musikkmarknad. Dennis McCormack, sjef for MTV Digital Music Group, seier til New York Magazine at det kan vera aktuelt å dele ut pris for beste Twitter-feide, beste mash-up eller beste fanside. Sosiale media kjem til å spele ei avgjerande rolle i avstemmingsprosessen.
Dersom du er forvirra av skilnaden mellom «digital musikk» og «musikk», kan McCormack forklare følgande:
- Digital musikk er eit stort samleomgrep, som omfatter alt frå selskap som Pandora og Spotify, til internettkjendiser som Keenan Cahill, til artister som Justin Bieber og Kanye West som tek i bruk sosiale media for å kommunisere med sine fans.
OMA skal belønne innovasjon og nytenking innan ekteskapet mellom den digitale verda og musikkbransjen. Sjølve showet kjem, som seg hør og bør, til å bli kringkasta på nett i fyrste omgang, men det er òg snakk om å vise det på fjernsyn.
Spørsmålet er sjølvsagt – kven vil me nominere? Her er det fritt fram for forslag, folkens. Om de treng inspirasjon, er ikkje konseptet heilt ulikt Spellemann-kategorien «Årets innovatør», som du kan lese meir om her!
For å hindre at Kanye West stikk av med Beste Twitrer, lanserer me heile Noregs ledestjerne på feltet, Bjørn Eidsvåg, som motkandidat.
Vår mann i Beste hip hop: Eli Porter. He deed it!
Beste musikkvideo: KBS Kjøpesenter
Beste kampanje: Coverkonkurransen for Kaizers Orchestras «Hjerteknuser». Ein flom av artister gjorde sin versjon av Kaizers sin låt – før dei hadde høyrt originalen.
Tags: Bjørn Eidsvåg, digital musikk, eli porter, Internett, Kaizers Orchestra, keenan cahill, meme, Moi, MTV, OMA, sosiale media