Mordet på Jessie J
Jessie J - Who You Are

Mordet på Jessie J

Jessie J sliter med å koma seg vekk frå låtskrivarrolla på debutalbumet Who You Are, trass eit openbart talent.

Skrevet av:
Publisert 14:40 11 mars, 2011

Dersom du nokonsinne har gått rundt med «Party In The USA»,  Miley Cyrus sin største hit til no, på hjernen, er det ikkje berre Disney-konsernet og ein overivrig farsfigur du har å skulda på: Ein 22 år gamal låtskrivar frå London er også medansvarleg. Etter å ha skrive låtar for artistar som Justin Timberlake, Alicia Keys og Christina Aguilera er no Jessie Cornish, betre kjend under artistnamnet Jessie J, klar til å stå på eigne bein. Problemet med debuten Who You Are, er at ho ikkje greier å halde desse beina samla.

Medan fyrstesingelen «Do It Like A Dude» lanserte Jessie J som rå festjente a là Rihanna (til trass for at ho på grunn av ein hjartesjukdom verken kan røyka eller drikka), viste neste singel ut, den fengande poplåta «Price Tag», fram ein adskilleg mindre aggresiv artist. Då «Casulty Of Love», ein kraftballade som sender tankane tilbake til 90- og 00-talets r’n'b-divaar, vart lansert som tredje singelval, var det grunn til å byrja å lura: Kven er eigentleg Jessie J?

Skal ein dømma utifrå solodebuten, verkar det ikkje som hovudpersonen sjølv har bestemt seg heilt for akkurat dét - til trass for albumtittelen. Samlinga av låtar høyres i litt for stor grad ut som overskuddsmateriale tiltenkt andre artistar – Katy Perry kunne utan problem overtatt «Abracadabra», Christina Aguilera hadde jubla over «Mama Knows Best» då ho spelte inn Back To Basics, og nemnte «Do It Like A Dude» var faktisk eigentleg skrive til nettopp Rihanna.

Dette betyr likvel ikkje at Jessie Js talent er til å tvila på – ho overbeviser stort som vokalist, og som singlane har demonstrert er ho i stand til å utføra godt pophandverk. Men når framføringa gang på gang bikkar over i det masete (h-h-h-hei på deg,  «Big White Room»), lydbildet i litt for stor grad snur seg mot VG-lista anno 1996, og tematikken beveger seg i eit NRK Super-landskap av å tru på seg sjølv og ikkje bry seg om kva nokon andre seier (hallo, «Stand Up»), greier ikkje Jessie å glatta godt nok  over Who You Ares schizofrene trekk.

Maria Horvei

Tags: , , , , ,

Del "Mordet på Jessie J"
 

3 kommentarer på “Mordet på Jessie J”

  1. Nina sier:

    Veldig interessant anmeldelse dette her, ettersom jeg tenkte eksakt samme tankene da jeg kjøpte albumet hennes ved albumslipp her borte i UK. Hadde sett stort frem til debuten, men det ser ut til at hun har litt igjen for å finne SIN identitet som artist.

    Synge kan hun:)

  2. Marte Nilsen sier:

    Elsker albumet jeg :) Men nå har jo alle forskjellig mening.
    Og du var ikke så slem med henne uansett (: Jeg er mega fan, men liker heller ikke alle sangene. Men ja Jessie J, my girl!

  3. [...] BBC sin Sound of 2011-kåring. At hun er et stort talent er det altså ingen tvil om, selv om Lydverket kun ga debutalbumet Who You Are terningkast tre da det kom i [...]

Legg igjen en kommentar