Mixtape!

Mixtape!

Dum Dum Girls, WIN WIN, Das Racist, Mark Ronson og Yeasayer – få det med deg!

Skrevet av:
Publisert 12:00 5 februar, 2011

Cold War Kids er ute med nytt album, med «Mine Is Yours» som tittelspor. Lydverket har tidlegare tipsa om denne Passion Pit-remixen, men Yeasayer har nyleg også gjort ein ganske bra jobb:

Dum Dum Girls er på veg med ny EP. Høyr «He Gets Me High» her:

Mark Ronson kom ut med Record Collection i fjor, og no er ein remix av tittelsporet klar. Orginalen var med Wiley og Simon Le Bon, på denne versjon bidreg også Pharrel Williams, Professor Green, MNDR og Wretch 32:

Hugsar du Pigeon Detectives? Tja? Vel, dei er på veg med nytt album, og NME har bydd på følgande blikk inn i prosessen . Låta i bakgrunnen er ny og heiter «She Wants Me».

WIN WIN består av produsent/artist Alex Epton, også kjent som XXXChange og den eine halvdelen av Spank Rock, Dj Chris Devlin og kunstnar Ghostdad. Debutplata, som sporet under er henta frå, kjem i midten av månaden. Om vokalen lyder kjent, er det nok fordi det er Alex Taylor frå Hot Chip som synger.

Brooklynbaserte Das Racist skal vera på veg med sin fyrste fullengdar, etter å ha imponert (og irritert) med mixtapane Shut Up, Dude og Sit Down, Man i fjor. «Swate», ft. Lakutis, kan vera blant dei fyrste smakebitane:

Del "Mixtape!"

Legg igjen en kommentar