Cut Copy - Rockefeller 2010. Foto: Tom Øverlie, NRK P3

Cut Copy - Rockefeller 2010. Foto: Tom Øverlie, NRK P3

Mixtape

Begynn lørdagskvelden med nye låtar frå Cut Cupy, Lil’ Wayne, Cornershop og fleire til!

Skrevet av:
Publisert 14:00 27 november, 2010

Ein bra innspeling av det britiske electro-popbandet Fenech-Solers «Battlefields». Om det gjer meirsmak, last ned meir musikk av gruppa her!

Lil Wayne surfar vidare på post-prison-bølga, og slår seg saman med T-Pain på låta «Hoes And Ladies». Kan nokon sei T-Wayne?

«Take Me Over» er fyrste singel frå Cut Copys komande album Zenoscope, som kjem ut februar neste år. Dansbart? Ja, jo.

John Legend og The Roots covra Arcade Fires «Wake Up» live for ein månads tid tilbake. No er studioversjonen klar, og den er på ingen måte dårlegare:

Cornershop kjem med albumet Cornershop & The Double’O'Groove i mars neste år. Her er ein smakebit, singelen «United Kingdom of India». På vokal finn me Bubbley Kaur, som òg var med på bandets «Topknot» frå 2004.

Etter at fans lurte på kvifor ingen Missy Elliot-spor blei med på Timbalands siste album Shock Value II , twitra superprodusenten likesågodt eit Missy-samarbeid han hadde liggande i arkivet. Høyr «Swat Dat Fly» her:

Tags: , , , , , , , , ,

Del "Mixtape"
 

1 kommentar på “Mixtape”

  1. Mari Lou sier:

    Men HVOR i all verden kan man få tak i John Legend and The Roots cover av Arcade Fire?

Legg igjen en kommentar