Miroir Noir i fysisk form

Miroir Noir- Neon Bible Archives er Arcade Fire dokumentarfilmen, som vart lansert rett før juletider i 2008. Filmen har til no berre vert å få kjøpt i digitalt format. Men i månadskiftet blir det no også mogleg å få kjøpt den i fysisk form. Slik at du kan putte den inn i DVD-samlinga di. Hurra! […]

Skrevet av:
Publisert 10:03 29 mars, 2009
Foto: MySpace

Foto: MySpace

Miroir Noir- Neon Bible Archives er Arcade Fire dokumentarfilmen, som vart lansert rett før juletider i 2008. Filmen har til no berre vert å få kjøpt i digitalt format. Men i månadskiftet blir det no også mogleg å få kjøpt den i fysisk form. Slik at du kan putte den inn i DVD-samlinga di. Hurra!

Den 70 minutt lange dokumentarfilmen skildrar bandet gjennom prosessen og produksjonen av plata Neon Bible frå 2007, og den påfølgande turneen. Der er også innslag av kortfilmar, som vart produsert undervegs av bandet sjølv. Og om det er av interesse, så er det Vincent Morisset som har regi på filmen. Den same mannen bak bandets fantastiske interaktive musikkvideo.

Og ja, DVD`en som du kan halde i er å få kjøpt frå 6. april. Då er det altså berre å springe til nermaste krambu. Og det er jo såklart nokre fordelar når ein kan kjøpe den i butikken. Og det er at den kjem i to versjonar. Ei standard utgåve, og ei dobbel special edition utgåve som inneheld ekstra bonusmateriale av livesendte framføringar.

Men om du ikkje har skaffa deg filmen alt, og ikkje klare å vente i (skal vi sjå), ni dagar. Eller rett og slett ikkje ser poenget med å ha den i fysisk form. Då er det berre å klikke seg inn her, velge format og trykke inn visakort nummeret ditt. Og vips, så er filmen plutseleg din.

Filmen er iallefall verdt sine 70 minutt, om du lurte. Og det gjer du jo såklart?

Tags: , , , , , , , , ,

Del "Miroir Noir i fysisk form"

Legg igjen en kommentar