Mew+Nine Inch Nails
Til sommaren skal både danske Mew og amerikanske Nine Inch Nails spele på Roskilde. Velogmerke kvar for seg og på forskjellige dagar. Men før du veit ordet av det, så befinner dei seg plutselig på samme scena, på samme dag. Mew har bekrefta på sine MySpace sider, at dei skal ut på landevegen saman med […]
Til sommaren skal både danske Mew og amerikanske Nine Inch Nails spele på Roskilde. Velogmerke kvar for seg og på forskjellige dagar. Men før du veit ordet av det, så befinner dei seg plutselig på samme scena, på samme dag.
Mew har bekrefta på sine MySpace sider, at dei skal ut på landevegen saman med NIN. Dei fire danske herremennene skal nemleg vere med som oppvarmingsband når NIN skal ut på Europaturné til sommaren. Ein ganske morosam samansetjing, spør du meg. Men det er jo ingenting anna enn fint å ha eit uforventa band som oppvarming, igrunn. Og det er jo absolutt ein fin sjangse til å vist seg fram for nye folk.
Danskane er for tida igang med å legge siste hand på oppfølgjaren til andreplata And The Glass Handed Kites frå 2005. Kva tid den nye skiva vil vere å finne i butikken, er fortsatt uvisst. Men har du tenkt deg til Roskilde eller kanskje til Øyafestivalen, så skal du ikkje sjå vekk ifrå at du blir servert ei rekke nye låtar.
Tags: and the glass handed kites, Europaturné, mew, NIN, Nine Inch Nails, oppvarmingsband, Roskilde, roskilde festival, øya, øyafestivalen