Melodibøffing?

Ifølge Ekstrabladet skal R.E.M ha fått YouTube til å fjerne videoen til Hej Matematik låta ‘Walkmand’. Michael Stipe og resten av bandet skal også ha anklagd Søren Rasted og Nikolaj Rasted i Hej Matematik for å ha kopiert ei låt frå plata Accelerate. Hej Matematik, det «nye», danske bandet til Søren Rasted, skal ha blitt […]

Skrevet av:
Publisert 16:07 30 januar, 2009
Foto: MySpace

Foto: MySpace

Ifølge Ekstrabladet skal R.E.M ha fått YouTube til å fjerne videoen til Hej Matematik låta ‘Walkmand’. Michael Stipe og resten av bandet skal også ha anklagd Søren Rasted og Nikolaj Rasted i Hej Matematik for å ha kopiert ei låt frå plata Accelerate.

Hej Matematik, det «nye», danske bandet til Søren Rasted, skal ha blitt anklaga av R.E.M for å ha kopiert låta ‘Supernatural Superserious’. Men sjølv seier dei at  låta skal vere basert på samples frå ein dansk hit fra 1981.

Hej Matematik? Søren Rasted? Ringer det ingen bjeller? Nei, kanskje ikkje så rart. Danske Søren er nemlig mest kjent som «han med piggsveisen» i Aqua. Du veit, dei med ‘Barbie Girl‘ låta. Og han som er gift med Lene Nystrøm. Henger du med?

Uansett. Denne saken har gått frå blogg til blogg det siste døgnet. Og til slutt skal den ha endt opp i fanget på R.E.M. Uten at dei har skjønt nokon ting. Når Mickey Lund, i Danske Warner Music fekk greie på det heile, skal han ha gått ut å sagt at supergruppa til Stipe og co aldri har bedt YouTube om å fjerne videoen til Hej Matematik. Ei anklagd dei for noko som helst. Warner Music trur det må vere ein teknisk feil fra YouTube si side. I tillegg til at dei spekulerar i om det kan vere plateselskapet til det danske bandet som står bak alle ryktene.

Ah, kaos altså. Men du kan jo høyre på dei to låtane sjølv. Leike detektiv, og finne ut om Hej Matematik har bøffa låta til R.E.M, eller om dei har nokon som helst sammenheng i det heile tatt. Skriv gjerne referat i kommentarfeltet når du har komt fram til noko. Kva som helst.

Dig deep!

Dette er låtane:

[youtube qQ1k_H3jyvk]

(Spol litt ut i klippet for å høyre låta…)

[youtube 492wdoPaqc0]

Tags: , , , , , , , , , , , , , ,

Del "Melodibøffing?"

Legg igjen en kommentar