Kaizers Orchestra hos Lydverket. Foto: Kim Erlandsen, NRK P3

Kaizers Orchestra hos Lydverket. Foto: Kim Erlandsen, NRK P3

- Janove måtte jekkes ned

Dei hadde håpa å halde koken i tre år. Ti år seinare har det aldri vore betre å vere Kaizers Orchestra.

Skrevet av:
Publisert 14:53 2 februar, 2011

Det starta med ein releasekonsert i ein glissent besøkt kjellar på Garage i Bergen. Året etter spela Kaizers Orchestra på Øya festivalen for 8.000-10.000 mann, som headlinarar.

- Me har gått gradene. Det har heile vegen vore utfordrande og nye steg å ta i trappa mot større suksess og høgare prestasjonar, seier Janove Ottesen.

Dei store dressane frå Fretex og billig hårfarge er det dei hugsar best frå 2001. Vendepunktet for bandet skjedde då dei fekk reise på turne som oppvarmingsband for Morten Abel i 2002. Dei reiste land og strand med finale i Oslo Spektrum med to utselde konsertar.

- Plutseleg var me hekta på eit stort sirkus. Det var crew, masse folk som geleida deg rundt og fortalte deg kvar du skulle stå, gå og kva du skulle ete. Me kjente vel alle at dette var noko me lett kunne venne oss til.

Det toppa seg like etter turneen med Abel når dei nådde førsteplass på VG-lista med «Ompa til du dør».

- Me har vært flinke til å følge vår egen smak. Me er kjende for å blande forskjellige element i musikken vår. Eg er berre happy for at me klarte å få dette til allerede på debutalbumet og ikkje på album nummer tre. »Ompa» definerte oss, seier Janove.

Frå å vere eit lite kredband vart bandet  brått allemannseige, og skeptikarar var tvilsomme til om bandet kunne følge opp suksessen med sitt neste album. Janove fortel Lydverket at det var problemer rundt den vanskelige andreplata.

- Då hadde me opplevd den eventyrlege reisa opp til toppen og så vart det liksom vanskeleg å finne sin plass der. Det var ein tung periode i studio og turneen gjekk ikkje så bra som me hadde forventa. Me hadde trudd det berre skulle gå videre inn i stratosfæren.

Det var på denne tida Janove fant ut at han ville prøve å gå solo. Han meinte det ville vere lett å lage låtar på kassegitar med tre akkordar. Janove kjepphøge haldning førte til gnisningar innad i bandet.

- Det kosta meg ingenting i forhold til å lage Kaizersmusikk som er meir krevjande. Derfor var eg sikkert litt cocky og me hadde eit møte i bandet der dei måtte jekke meg ned nokre hakk.

Geir Zahl legg ikkje skjul på at Janove ikkje var på sitt mest sympatiske i denne perioden og trengte å få høyre det.

- Me måtte prøve å få han til å innsjå at var fleire folk her, for han vart litt sånn åleine i sitt eige hovud, som kan skje når ein har suksess og er eit stort talent, som me syns han er. Det var ikkje plass til så mange andre enn han sjølv der ein periode.

Det var under denne påkjenninga at Maestro vart til.

- Alle erfaringar og opplevingar innvirkar. Me kom tettare og vart meir profesjonelle i perioden rundt Maestro.

Bandet som hadde håpa å få halde det gåande som rockestjerner i tre år, kan i år feire ti år med kanskje Noregs mest trofaste fans i ryggen.

- Det har aldri gått betre enn no. No har me eit kjempebra forhold heile gjengen og får jobbe med dei beste folka. Me har klart å halde det stabilt så lenge at ein kan kalle det ein livsstil.

HELE INTERVJUET MED KAIZERS ORCHESTRA SER DU PÅ NRK2 TORSDAG KL 21.30.


Tags: , , , ,

Del "- Janove måtte jekkes ned"
 

10 kommentarer på “- Janove måtte jekkes ned”

  1. Sven Korner sier:

    «med kanskje Noregs mest trofaste fans i ryggen» trofast og trofast fru blom. Fikk nok for akkurat 1 min og 27 sek siden. Min siste krone er brukt på disse. Gir bort billetter til konsert i folken 12. februar og to billetter til teater i november.

  2. Dr. Mowinckel sier:

    Kjipt svar ved henvendelse på epost om hvorfor jeg ikke hadde fått CD til tross for å ha sendt inn alt som jeg skulle

  3. Lille Mia sier:

    Sven Korner; Jeg skjønner ikke helt hva du mener. Misliker du plutselig bandet bare fordi vokalisten måtte roes ned? Må nesten lure på hvor lenge du har vært fan av de, for det står jo helt klart om div interne problemer som dette i boken om de. Dette skjedde for lenge siden så jeg har problemer å forstå hvorfor dette forandrer det faktum at det er musikken man skal like, og ikke nødvendigvis folkene som lager den.

  4. Passasjer sier:

    Kaizers har faktisk framstått litt vel «cocky» på Facebook
    og på VG, spessiellt anngående spørsmål om Limited edition CD’n.
    Kan kanskje virke som om Janove’s sjølvgodhet har smitta litt over på Geir og (trur det hovdesaklig han som svarer på Facebook).
    Litt synd, men eg trur eigentlig at dei er møkka leie mas fra dei som ikkje har fått plata.
    Det er tross alt ikkje deira ansvar, det er plateselskap, og posten som skulle stå for distribusjonen, om eg ikkje tar heilt feil.
    Men dersom du «gir opp» Kaizers Orchestra av den grunn, så var du nok ikkje så stor fan i utgangspunktet. Hadde det vore meg, så hadde eg sjølvsagt vore skuffa, men komt fort over det.
    Musikken er tross alt det viktigaste, og den er nå tilgjengelig i både Spotify og WiMP.

  5. [...] Les mere: -Janove måtte jekkes ned [...]

  6. Mr. O sier:

    Likte den nye plata! De klarte å levere nok en gang…

Legg igjen en kommentar