Marit Larsen under konserten i Shanghai i går (Foto: Rikskonsertene)

Marit Larsen under konserten i Shanghai i går (Foto: Rikskonsertene)

For fulle hus i Shanghai

Marit Larsen trollbandt kinesarar under EXPO-messa i går.

Skrevet av:
Publisert 13:56 30 september, 2010

Marit Larsen er på Kina-besøk for fyrste gong, og har tydeligvis ein del kinesiske fans. Under verdsutstillinga EXPO, som går av stabelen i Shanghai i desse dagar, spelte Larsen for ein sprengfull utearena, og trakk også folk til ein intimkonsert på den norske paviljongen etterpå.

M2M gjorde i si tid stor suksess i Asia, men spelte aldri konsertar i Kina. Fansen har likevel ikkje gløymt, og  ser heller ikkje ut til å bry seg om at Marion Ravn har falle av lasset sidan sist – mange sang med på entusiastiske songar som «Under the Surface», «Save Me» og «If a song could get me you».

- Eg har høyrt på Marit sidan ho var med i M2M. Me er store fans, og å sjå ho her i dag var som ein ”walk down memory lane”. Me har vore på begge konsertane her på EXPO i dag, seier ein kinsesisk fan ifølgje ein pressemelding.

Sjølv var Marit Larsen overvelda over responsen som møtte ho i Shanghai.

- Publikum var lyttande og utrolig oppmerksomme. Dei fulgte nøye med og responsen var kjempebra. Eg kunne ikkje ha venta meir.

Den norske artisten deltok på EXPO-messa etter invitasjon frå Rikskonsertane, og målet er å spre norsk musikk til så stor del av verda som mogleg. I kveld speler ho klubbkonsert i Shanghai, før ho reiser vidare for å spela på musikkfestivalane Zhenjiang Midi Festival og  Urban Forest Festival.

Tags: , , ,

Del "For fulle hus i Shanghai"

Legg igjen en kommentar